Ulstein kyrkje
Ulstein kyrkje er ei åttekanta trekyrkje frå 1849
Ulstein kyrkje er einaste kyrkjebygg av Den norske kyrkja i Ulstein. Det er Ulstein sokn som eig og forvalter kyrkjebygget. Gravferdsdagar i Ulstein kyrkje er tysdag og fredag. Ulstein kyrkje har 360 sitteplasser.
Adresse: Kyrkjegata 11, 6065 Ulsteinvik
Kostnader for leige av Ulstein kyrkje til gravferd
- når avdøde var medlem i Den norske kyrkja med bustadsadresse i Ulstein er bruk av kyrkja, lokal prest og organist (utanom ekstra øving med solister) gratis.
- når avdøde var medlem i Den norske kyrkja med bustadsadresse i kommunane Hareid, Sande, Herøy, Vanylven, Ørsta og Volda er prestetenesta gratis
- når avdøde var medlem i Den norske kyrkja men busatt i anna kommune enn Ulstein, Hareid, Sande, Herøy, Vanylven Ørsta eller Volda treng ein å betale for leige av kyrkja (medlemspris), presteteneste og organistteneste.
- når avdøde ikkje var medlem i Den norske kyrkja treng ein å betale for leige av kyrkja (fullpris), presteteneste og organistteneste.
Eit vilkår for leige av Ulstein kyrkje til gravferd er at det skal brukast gravferdsliturgien til Den norske kyrkja.
|
Leige av kyrkja til gravferd (fullpris) |
kr. 4000 |
|
Leige av kyrkja til gravferd (medlemspris) |
kr. 2000 |
|
Presteteneste til gravferdsseremoni |
kr. 3900 |
|
Organistteneste til gravferdsseremoni |
kr. 3200 |
|
Timepris per påbegynt time for øving med organist |
kr. 800 |
Førespurnad utleige: post.ulstein@kyrkja.no, telefon: 70017680