Namna minnelund
I ein namna minnelund blir urna sett ned på eit fellesareal og den avdøde får montert ei messingplate på eit felles gravminne.
Namna minnelund på Osnes kyrkjegard i Ulstein kommune er forbeholdt nedsetting av urner. Minnelunden er eit område som er lagt tilrette for at pårørande kan minnast sine kjære.
Det er gravplassmynda som har ansvar for stell av namna minnelund. Det er eit blomsterbord på minnelunden der pårørande kan setje ned blomsterbuketter og gravlykter. Også kranser etter gravferdsseremonien kan setjast opp mot bordkanten. Gravplassarbeidarane har fast rutine på å rydde bort og kaste visne blomar og kransar.
For kvar urne som er sett ned er det plass til eit namneskilt på eit felles gravminnet. Gravering av skiltet inngår i eingongsprisen pårørande betalar for gravlegging på namna minnelund. Sjølve gravlegginga er gratis for alle folkeregisterregistrerte med bustad i Ulstein kommune og det er også fri grav i 20 år. Gebyret for bruk av grav på namna minnelund er den andelen dei pårørande betalar for både felles minnesmerke og stell av grav i 20 år. Etter 20 år kan ein feste grava mot å betale festeavgift for 5 år om gongen.
Det er ikkje mogleg med kistegravlegging på namna minnelund.
Meir om dette kan du lese i artikkelen: Former for graver og gravlegging
Les også meir om Kremasjon