Gravplassmyndigheit i Ulstein

Gravstellavtale

Ulstein sokn tilbyr gravstellavtale for graver på kyrkjegardane. Avtalen inneber utplanting av blomar, luking og vatning av bed og ein krans i høve jul.
  • Etableringskostnad: 350,-
  • Årleg administrasjonsgebyr: 300,-
  • Gravstell på årsbasis: 1000,-
  • Planter på årsbasis: 700,-

Årleg  faktura

Det vert sendt ut faktura for gravstell årleg før sesongen tek til. Stellet pågår til avtalen vert vert sagt opp.

Vi sender ikkje ut purring. Dersom faktura ikkje er betalt innan 15. mai blir ikkje grava stelt. Det er ikkje høve til å bestille gravstell for inneverande år etter 30. april.

Ny faktura vert sendt ut årleg 15. april inntil avtalen blir sagt opp.
Frå 2026 er fristen for å teikne avtale / seie opp avtale 31. mars.

Kontakt:
telefon: 70017685 (tysdag - fredag 10-14)
epost: post.ulstein@kyrkja.no