Gravplassmyndigheit i Ulvik og Eidfjord

Namna minnelund

Eidfjord og Ulvik har pr i dag har ikkje tilbod om gravlegging i minnelund våre kommunar, men håper å få dette på plass om ikkje altfor lenge. Arbeidet med å etablere ei namna minnelund i Eidfjord er allereie godt i gang. Også i Ulvik er det planar om å få på plass ei minnelund i nær framtid.

Bruk av minnelunda
Minnelunda i Eidfjord blir utforma som ein liten park. Området er meint for alle som har mista nokon, uansett om grava ligg i minnelunda eller ein anna stad. Dette skal vere ein avskjerma liten oase der ein kan setje seg ned å finne roen og freden. Eidfjord sokneråd håper at minnelunda vil opplevast som ein god plass å vere for dei som besøker kyrkjegardane våre. 

 

Gravlegging i minnelunda
Ei minnelund har eit område der urner kan setjast ned utan individuelle gravmarkeringar. Det kan ikkje setjast gravstein på graver i minnelund, men namn kan påførast på tilrettelagt minnevegg. Gravlegging i  minnelund er eit fint alternativ for dei som ønskjer ein gravstad utan ansvar for vedlikehald. Det er likevel høve til å setje ned blomar og ljos på tilviste plassar i minnelunden når ein måtte ønskje.