Gravplassmyndigheit i Time

Kremasjon

Alle frå Time som ønskjer å bli kremert blir sendt til Stavanger for kremasjon. Kremasjonsavgifta blir dekka av Time kommune.

Stavanger krematorium ligg vakkert til på Eiganes gravlund og blei innvia i 1943. Dagens omn blei installert i 2010.

Kremasjon er prosessen der den døde blir brent og oska samla i ei urne. Urna kan deretter gravleggjast eller oska kan spreiast i naturen.

Om urna skal gravleggjast må den seinast setjast ned 6 månader etter dødsfallet. Kremasjon kan difor vere eit alternativ om ein ønskjer å ha seremoni med urna seinare enn innan 10 arbeidsdagar.

Ein kremasjon føregår i eit lukka anlegg og prosessen tek om lag 90 minutt. Stavanger krematorium er det einaste krematoriet i Sør-Rogaland. Her er det også eit seremonirom med 176 sitjeplassar, og eit verdig rom for mindre seremoniar og utlevering av oskeurner.

Frå mai 2023 er det innført avgrensingar på vekt og kistestorleik for kremasjon i krematorieomnen i Stavanger. Maks vekt for ein kremasjon er 160 kg inkludert kiste. Ei tom kiste veg frå 35 kilo og oppover. Kista sitt volum er avgrensa til 215 x 75 x 63 cm. Kister utover desse avgrensingane må sendast til andre krematorium. Kostnadene i desse tilfella blir hovudsakleg dekka av NAV.

Kven avgjer valet om kremering?

I følgje gravferdslova § 10, kan den som har fylt 15 år sjølv bestemme om han eller ho vil kremerast. Ei slik erklæring skal vere skriftleg, underskriven og datert. Om det ikkje finst nokon erklæring, kan likevel avdøde kremerast med mindre det er kjent at dette var i strid med den avdødes religiøse overtyding eller ønskjer om gravferd. Den som er ansvarleg for gravferda må då avgjere spørsmålet om kistegravlegging eller kremasjon.

Korleis føregår seremonien når ein vel kremasjon


Bisettelse Ved bisettelse frå krematoriet sitt seremonirom blir kista ståande i seremonisalen til seremonien er slutt. Ved bisettelse frå kyrkje, gravkapell eller anna seremonirom blir kista etter seremonien ført til krematoriet.

Urneseremoni Ein kan velje å ha ein seremoni for urna etter at kremasjonen har funne stad i staden for bisettelse. Dette gir moglegheit for å halde seremonien på eit seinare tidspunkt enn kravet om gravferd innan ti dagar. Seremonien blir avslutta med nedsetjing av urna.

Nedsetjing av oskeurne

Urna må setjast ned innan seks månader etter kremasjonen. Ansvarleg for gravferda avtaler tidspunkt for nedsetjing med gravplassmyndigheita eller gravferdsbyrået. Ved bruk av byrå kan det vere kostnader.

Urna kan også setjast ned i stillheit. Det betyr at gravplassbeteninga set ned urna utan andre til stades.

Ei oskeurne kan setjast ned i ei kistegrav, urnegrav, eller minnelund .

Oskespreiing

Oska etter kremasjon kan etter søknad til Statsforvaltaren spreiast i naturen. Les meir på Statsforvaltaren sin nettside om gravferd.

Urna kan hentast på krematoriet av den som er ansvarleg for gravferda etter framvising av innvilga søknad og legitimasjon.

Sjå video om kremasjon

gravplassforeninga si nettside er det samla nokre filmar om kremasjon.