Gravplassmyndigheit i Time

Former for graver og gravlegging

Den som er ansvarleg for gravferda har ansvar for å bestemme om avdøde skal bli kremert eller gravleggast i kiste. Det er gravplassmyndigheita som tildelar kva grav som skal brukast.

I Time har vi forskjellige graver å velja mellom.  På Time gravplass kan ein velja mellom alle gravtypane medan ein på Undheim bare har enkel eller dobbel kistegrav.  Det er mogleg å setja ned urne i vanleg kistegrav om ein ønsker det.

Kistegrav 

  • Ei kistegrav er frigrav/gratis i 20 år.  
  • Etter friperioden er ute kan grava festast på ny for 5 år om gongen.

 

Kistegrav med ledig grav ved sida

  • Denne gravtypen vert brukt om ein ynskjer å festa (halda av) ei ledig grav ved sida av.
  • Gravminnet vert sett på grava som vert brukt først, men er felles for begge gravene.
  • Grava som vert teken i bruk først er frigrav i 20 år. Den festa grava ved sida vert fakturert for 5 år om gongen. Sjå eiga prisliste
  • Grava som er festa vert ikkje gjort til frigrav ved ny gravlegging.

 

Kistegrav i dobbel djupn

  • I denne gravtypen er det tilrettelagt for gravlegging i to nivå.  Første gravlagde vert gravlagt så djupt at det er plass til ny gravlegging over umiddelbart etterpå.  Grava er frigrav i 20 år.  Ved ny gravlegging i same grav før friperioden er utgått vert friperioden utvida med 20 nye år. 

 

Urnegrav 

  • Ei urnegrav har plass til 4 urner og er frigrav i 20 år.  
  • Om det vert sett ned ny urne før dei 20 åra er gått vert friperioden utvida med 20 nye år.
  • Etter friperioden er ute kan grava festast på ny for 5 år om gongen.

 

Gravlegging i alternativ himmelretning

  • På Time gravplass har me eit eige felt tilrettelagt for religionar som praktiserer gravlegging med alternativ himmelretning. 

 

 Namna minnelund for urner

  • I namna minnelund vert urnene sett ned på eit større gravfelt med felles minnesmerke.
  • Den gravlagde får namnet sitt på eit eige skilt på minnesmerke.  Det er ikkje høve til å setja ned eige minnesmerke. Det er plass foran minnesmerke til å setja ned blomar.  (ikkje planta)
  • Namneskiltet i stål  er 17 x 11 cm og har plass til namn, fødselsdato, dødsdato og. ev. eit minneord på inntil 25 teikn.  
  • Gravplassforvaltninga ordnar med inngravering etter informasjon frå gravferdsbyrå, ev. pårørande.  Skilta vert levert til inngravering ca. 1 gong pr. mnd.
  • Ved gravlegging i namna minnelund må ein betale ein eingongsum som gjeld for 20 år. Sjå eiga prisliste.
  • Etter 20 år kan grava festast på ny for 5 år om gongen.  Minneplata vert ståande så lenge feste vert oppretthalde.
  • Ved gravlegging i minnelunden er det og mogleg å festa ledig grav ved sida av. Det vert då halde av plass til minnesmerke ved sida av den det vert festa i lag med.

 

Unamna minnelund for urner

  • I unamna minnelund vert urnene sett ned utan noko minnesmerke.  Gravplassforvatninga held oversikt over kven som er gravlagde der. Minnelunden har ein minnestein med teksten «Til minne» Det er plass til å setja ned blomar rundt minnesteinen.