Ofte stilte spørsmål
Her kan du finna svar på ein del spørsmål vedrørande grav og feste. Om du ikkje finn svar her er du velkommen til å ta kontakt med oss på telefon eller e-post.
Har alle rett på gravplass i kommunen?
Alle som bur i Time kommune, har rett til gravplass på ein av gravplassane våre. Dette gjeld også dødfødde når foreldra ønskjer det.
Personar som ved dødsfallet stod oppførte i manntalet i kommunen, har rett på fri grav på ein gravplass i kommunen. Dette gjeld også om den avdøde på grunn av sjukdom eller alderdom har budd utanfor kommunen det siste året og av den grunn ikkje står i manntalet her. Ein føresetnad for rett til fri grav er at grava er tilvist av gravplassadministrasjonen.
Gravplassadministrasjonen kan gi lov til at også avdøde personar utan bustad i kommunen kan bli gravlagt på ein gravplass i kommunen, men då kan det bli kravd at kostnadene ved gravferda blir dekka, jf. Gravferdsloven § 6. Dersom avdøde skal gravleggjast i ein annan kommune, kan ein avklare det med gravplassadministrasjonen i den aktuelle kommunen.
Alle har rett til gravplass, uavhengig av tru og livssyn.
Kven kan vera festar?
Det er dei pårørande sjølv som oftast avgjer kven som skal stå som festar for ei grav. Vanlegvis er dette den næraste pårørande, f.eks. ektefellen til avdøde eller eit av barna. Festeansvaret må vera skrive på ein person og ikkje f.eks. eit firma.
Ved usemje om kven som skal overta festeavtalen som den avdøde hadde ansvar for, må saka leggjast fram skriftleg for gravplassadministrasjonen i Hå for godkjenning.
Kor lenge kan ein festa ein ny grav?
Ei ny grav er freda i 20 år og det vert ikkje kravd festeavgift i den perioden. (om ein ikkje brukar ei grav som allereie er festa)
Ved gravlegging i ny grav kan ein feste ei ledig grav ved sida av. Denne vert det då festa for 5 år om gongen. Dette betyr at festaren har rett til å bruka grava i 5 år og kan forlenga festet ved å betala festeavgift for nye periodar. (Festetida kan variera frå kommune til kommune)
Dersom festaren ønskjer å avslutte festet før perioden er over, må dette meldast skriftleg til gravplassadministrasjonen. Festaren kan då fjerna gravminnet sjølv eller be gravplassadministrasjonen om å fjerna det.
Endring av festar må og meldast skriftleg til gravplassadministrasjonen
Aukar festeavgifta etter kor mange som ligg gravlagt i ei grav/ festet?
Nei, festeavgifta blir rekna ut frå kor mange fysiske graver det er i feste. Er det ei dobbelgrav med to graver ved sida av kvarandre utløyser det festeavgift for to graver. Er det ei dobbelgrav over to nivå, der kistene blir lagt oppå kvarandre i forskjellig djupna, utløyser det festeavgift for ei grav. Urnegrav blir rekna som enkel grav.
Kva skjer når festetida er ute og ein ikkje ønskjer å fornya denne?
Ved avslutta festet har du rett til sjølv å fjerna gravminnet. Dette må bli gjort innan seks månader etter at skriftleg ønskje om sletting av grav er sendt gravplassadministrasjonen. Dersom du ikkje ønskjer å fjerna gravminnet og eventuelt gravutstyr sjølv, går dette over til gravplassen, jf. Gravplassloven § 18. Ver då merksam på at gravminnet kan bli ståande lenger enn seks månader.
§ 18 i Gravplassloven seier:
«Et feste opphører når festetiden er ute. Når festet opphører, skal festeren om mulig gis anledning til å fjerne gravminne og lignende innretning fra gravplassen. Det som ikke er fjernet fra gravplassen innen seks måneder etter festets opphør, tilfaller gravplassen. Gravminne av kunstnerisk eller kulturhistorisk verdi skal om mulig bli stående på gravplassen.»
Er mengda graver lik mengda av gravsteinar?
Nei, ein kan ha felles gravstein for fleire graver, ein har t.d. ofte felles gravstein for eit ektepar. Ekteparet er gjerne gravlagt ved sida av kvarandre i to graver eller i ei grav med dobbel djupna, men har felles gravstein. Festeavgifta blir ikkje rekna ut frå kor mange gravsteinar ein har eller kor mange som ligg gravlagt der, men ut frå om det er ei enkel grav eller dobbel grav.
Kor stor kan ein gravstein vera?
Gravminnet skal ikkje vera høgare enn 150 cm, breiare enn 85 cm og tjukkare enn 60 cm, avgrensa slik at største høgde x største bredde x største tjukkleik ikkje er meir enn 0,2 m³ og vekta ikkje overstig 300 kg.
På graver mindre enn 2,4 x 1,2 m skal gravminnet ikkje vera høgare enn 80 cm, breiare enn 75 cm og tjukkare enn 60 cm, avgrensa slik at største høgde x største bredde x største tjukkleik ikkje overstig 0,1 m³ og vekta ikkje overstig 150 kg.
Ståande gravminne i stein skal festast til fundament i stein med to 15 cm lange og 12 mm tjukke rustfrie boltar.
Fundamentet skal ha form og storleik som sikrar at gravminnet står stabilt, og skal i botnen ha ei anleggsflate som er dobbelt så brei som gravminnet sin tjukkleik. Fundamentet kan vera inntil 10 cm lengre enn gravminnet sin bredde. Gravminne som er meir enn 60 cm høgt, skal ha fundamentdjupne som er minst 20 % av gravminnet sin høgde over bakken. Fundamentet skal ikkje vera synleg over bakken.
Gravplassadministrasjonen i Hå skal godkjenna gravminne og fundament før det blir sett opp på gravplassen.
Kor kan ein kjøpa gravstein-gravminne, og skal gravsteinen-gravminnet godkjennast
Det er mange som sel gravsteinar, både lokalt og nasjonalt. Det er ingen krav til kven du skal bruka. Ein kan også bruke stein du finn i naturen om du ønskjer det, og få inngravert namn m.m. på denne.
Det som er viktig å merke seg, er at gravplassadministrasjonen skal godkjenna gravsteinen/gravminnet du set opp, og den/det skal også plasserast på tilvist stad. Det er krav om sikring av gravsteinen du set opp, slik at denne ikkje veltar. Ståande gravminne i stein skal festast til fundament/sokkel i stein med to 15 cm lange og 12 mm tjukke, rustfrie boltar. Fundamentet til gravsteinen skal gravast ned slik at det ligg jamt med terrenget rundt.
Det kan berre setjast opp eitt gravminne på ein festa gravstad.
Det er familien/dei pårørande som eig gravsteinen og som er ansvarleg for sikring, tilsyn m.m. av denne.
Kan namnet på avdøde stå på ein gravstein annan stad er der den døde fysisk er gravlagd?
Ja. Det er høve til å samle namn på f.eks. ulike familiemedlemmer på ein felles gravstein. Det er likevel ikkje lov å ha namnet på fleire stader, f.eks. både der ein er fysisk gravlagt og på ein felles gravstein.
Mange brukar denne regelen til å samle fleire namn på ein gravstein og slette graver som elles ligg spreidd på gravplassen. Ein kan og flytta namn frå gravplassar andre stadar i landet. Det er og høve til å få lagt til namn på personar som f.eks. har omkomme på havet eller i krig og som aldri har blitt funnen igjen.
Kor stort kan plantefeltet vera, og kva kan ein planta på ei grav?
Plantefeltet kan vera opptil 60 cm breitt, men ikkje breiare enn gravminnet sin bredde. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå gravminnet sin bakkant.
Plantefelt som det ikkje blir planta i og blir stelt, skal bli tilsådd av den ansvarlege eller bli tilsådd av gravplasspersonellet.
Vekstar som blir planta, må ikkje overstige gravminnet sin høgde eller gå ut over plantefeltet. Lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.
Det er lov å avgrensa plantefeltet med kantstein som ligg i høgde med terrenget rundt. Det er ikkje lov å bruka rullesteinar , hekk eller anna materiale som avgrensing.
Festaren har rett og plikt til å stella og halda i orden den gravstaden vedkommande har ansvaret for
I minnelunden er det laga til ein eigen stad for blomar og lys.
Når kan ein setje opp gravsteinen-gravminnet?
Det er viktig at jordmassane omkring grava får stabilisera seg før ein set opp ein gravstein, for at gravsteinen ikkje skal sige, bli skeiv eller velte.
Montering av gravminne kan først bli utført etter at gravplassadministrasjonen har godkjent gravminnet og merka staden det skal stå. Det kan ikkje setjast opp tidlegare enn 3 månader etter gravlegging av kiste.
Gravminne på urnegrav kan setjast opp rett etter urnenedsetjinga. Det kan berre brukast eitt gravminne per grav/gravstad.
Når kan ein setje ned ei urne?
Ei urne kan setjast ned så snart ein får den frå krematoriet. Ansvarleg for gravferda/gravferdsbyrået vil få melding frå krematoriet når urna er klar. Ut frå lovverket skal urna setjast ned seinast 6 månader etter dødsfallet. Ein kan derimot ikkje krevje å få setja ned ei urne så lenge det er tele i bakken. Pårørande sjølv, eller gravferdsbyrået, må ta kontakt med gravplassadministrasjonen for å avtale tid for nedsetjing av urna.
Kven har ansvar ved skader på grav eller gravutstyr?
Gravplassadministrasjonen er ikkje ansvarleg for skader på grav eller gravutstyr ved naturkatastrofe, hærverk, tjuveri o.l., med mindre det skuldast aktløyse av dei som arbeider på gravplassen. Gravplassadministrasjonen har dermed ikkje erstatningsansvar for skade på gravminne, pyntegjenstandar på gravminnet eller i plantefeltet, innramming av plantefeltet eller planter i plantefeltet når skaden skuldast vanleg drift av gravplassen. Eit gravminne må vera av eit materiale som er haldbart og som krev lite vedlikehald. Gravminnet må tåla dei påkjenningane det blir utsett for ved vanleg drift og vedlikehald på gravplassen. Det er festar (dei pårørande) som eig gravminnet og som er ansvarleg for tilsyn, vedlikehald m.m. av dette.
Kva er namna minnelund?
- I namna minnelund vert urnene sett ned på eit større gravfelt med felles minnesmerke.
- Den gravlagde får namnet sitt på eit eige skilt på minnesmerke. Det er ikkje høve til å setja ned eige minnesmerke. Det er plass framfor minnesmerke til å setja ned blomar. (ikkje planta)
- Namneskiltet i stål har plass til namn, fødselsdato, dødsdato og minneord på inntil 25 teikn.
- Gravplassforvaltninga ordnar med inngravering etter informasjon frå pårørande.
- Ved gravlegging i namna minnelund må ein betale ein eingongsum for felles minnesmerke og namneskilt.
- Etter 20 år kan grava festast på ny for 5 år om gongen. Minneplata vert ståande så lenge feste vert oppretthalde.
- Ved gravlegging i minnelunden er det og mogleg å festa ledig grav. Det vert då halde av plass til minnesmerke ved sida av avdøde sitt.
Kven avgjer kva plass som skal brukast?
Dette blir oftast avgjort i samråd mellom dei pårørande og gravplassadministrasjonen.
Bruk av ny gravplass: Har de ingen gravplass i familien frå før, finn gravplassadministrasjonen ein passande ny gravplass som de kan bruka. Ønskjer de å reservera ei nabograv til f.eks. attlevande ektefelle, må dette avtalast samtidig.
Bruk av eksisterande grav: Har de ei grav i familien som de ønskjer å bruka på nytt, er det først nokre krav som må oppfyllast. Grava må vera eldre enn fredingstida for grava (det vil stort sett sei at det må ha gått 20 år eller meir sidan sist den blei brukt), og den som står som festar av grava, må ha gitt skriftleg samtykke til gjenbruk. Er dette oppfylt, kan ein som oftast gjenbruka ei eksisterande grav. Urne kan setjast ned i eksisterande kistegrav grav før det er gått 20 år.
Korleis blir ei grav opna?
Me brukar gravemaskin til å opna og lukka ei kistegrav. Ved frost i bakken legg me på teletinar for å kunna grava opp jorda. Ein teletinar må liggja på grava 2-4 dagar, avhengig av kor djupt telen går. Ei kiste skal ha minst 0,8 m jord over seg.
Ei urnegrav blir greven opp for jordborr og skal dekkast med minst 0,5 m jord over urna.
Når blir ei grav freda/ verna?
Graver frå mellomalderen og samiske gravminne som er frå oldtida eller mellomalderen (inntil år 1537) er automatisk freda; ref. Kulturminneloven §4.
Freda graver kan ikkje brukast på nytt, og gravminnet/gravsteinen kan ikkje flyttast utan godkjenning frå fylkeskommunen. Ein må då søka spesielt for kvar gravstein, med foto av steinen m.m.
Det kan også vera andre grunnar til at ein ønskjer å verna enkelte graver. Målet er å få laga verneplanar for alle gravplassane etter en grundig vurdering av kva gravminne som bør bli tatt vare på for ettertida. Vilkår for vern kan vera utforming (at ein ønskjer gravminne som representerer ulike stilartar og tidsperiodar), materialbruk (f.eks. spesielle materialar eller lokale steinsortar), inskripsjon, kven som er gravlagt (ein person som har lokalhistorisk verdi). Verna gravminne utan festar må gravplassadministrasjonen sjølv ta ansvar for - det er difor avgrensa kor mange gravminne som kan omfattast av ein slik verneplan. Endeleg vedtak i slike saker blir gjort av Time kyrkjeleg fellesråd (gravplassadministrator).