Gravplassmyndigheit i Time

Vedlikehald av gravminne og plantefelt

Festar/ ansvarleg for grava har ansvar for å vedlikehalda grava.

 

Det er opp til kvar enkelt om ein ynskjer å ha plantefelt foran gravminne eller ikkje. Dersom ein ynskjer å ha plantefelt, er det visse retningslinjer ein må forhalda seg til. Bedet skal vera same breidd som gravminnet og ikkje måla meir enn 60 cm ut frå bakre kant av gravminne/ fundamentet.  Plantar og pynt må vera innafor dette området.  Pynt og anna utanfor dette vil bli fjerna då det hindrar arbeid på gravplassen.

Om ein treng hjelp til oppretting av gravminne kan ein ta kontakt med gravminneleverandør.