Former for graver og gravlegging
Den som er ansvarleg for gravferda har ansvar for å bestemme om avdøde skal bli kremert eller gravleggast i kiste. Det er gravplassmyndigheita som tildelar kva grav som skal brukast.I Norge har avdøde personar rett til frigrav i si heimkommune. Med frigrav meines det at grava ikkje skal beleggast med festeavgift i fredningstida. Fredningstida på grava er 20 år. Etter fredningstida kan dei etterlatte velge å beholde grava mot betaling av festeavgift. Festeperioden er 5 år om gangen.
For studentar (unge) som har flytta ut heimafrå for å gå på skule blir tenestene utført som om dei budde i kommunen. For personar som av medisinske grunnar har budd i annan kommune den seinare tida (inntil 2 år), kan ein etter vurdering få utført tenesta som om personen budde i kommunen.
Det skal avholdast seremoni for den avdøde seinast 10 dagar etter dødsfallet. Det er kun kyrkjevergen som kan gi tillatelse til å overskride denne fristen. Tillatelse gis kun i spesielle tilfeller. Søknad om dette må gis skriftleg.
Kistegrav
Kistegravlegging kallast gravferd. Kista blir senka ned i grava umiddelbart etter gravferdsseremonien. Kista skal plasserast slik at den har minst 0,8 meter jord over kista.
Urnegrav
Urnegravlegging kallast bisetting. Seremonien vert avslutta ved at kista blir ført inn i bårebil, som så køyrer den avdøde til krematoriet. Her blir den avdøde kremert. Urna settes så ned på på ei eksisterande kistegrav, eller på namna minnelund innan 6 månader etter dødsfallet.
På ei kistegrav kan det settast ned inntil 8 urner. På namna minnelund kan ein sette ned 1 urne, med tilbot om å feste/reservere grava ved sida av. Urner kan settast ned på ei eksisterende kistegrav, sidan urnene blir satt ned grunnare enn kistegrava brytes ikkje gravfreden.
Festegrav
I samband med eit dødsfall, kan det etter avtale festast/reserverast ei grav ved sida av den tildelte frigrava. Denne reservasjonen må gjerast i samband med dødsfallet til den første. Det blir krevd festeavgift for den reserverte grava. Festeavgifta gjeld for 5 år av gangen.
Festa grav
Ved festa grav frå før er det festaren som avgjer kven som skal gravleggast i denne grava. Dette blir ikkje å rekne som ei frigrav, så festeavtalen blir dermed ikkje sett på pause. Festaren har ansvaret for å vedlikehaldet på gravstaden.
Navna minnelund
Urnegrav med felles minnesmerke, felles beplanting og dedikerte installasjonar for avskårne blomster og enkle gravlys. Feltet er ferdig utstyrt med minnesøyler kor namn blir gravert inn i ei namneplate. Navneplata blir montert i etterkant av urnenedsettinga. Gravplassmyndigheita eig gravminnet og er ansvarleg for planting og stell. Dei etterlate kan plassere blomster og/eller lys på tilvist stad. Ved bestilling av grav i navna minnelund betalar ein ei eingangsavgift som inkluderar namneplate med montering, samt gravas andel av vedlikehaldet av feltet i 20 år.
Anonym minnelund for dødfødte barn
Eige gravfelt med felles minnesmerke og felles beplanting.
Gravstad for spedbarn
Spedbarn som døyr eller er dødfødte kan enten gravleggast i eiga grav eller på anonym minnelund for dødfødte barn.
Askespreiing
Med ein søknad til Statsforvaltaren kan den avdøde eller etterlate søke om å få spreie aska. Det er ikkje tillatt å spreie deler av aska og få lagt resten på ein gravstad. Ved askespreiing vil den avdøde heller ikkje få ei namneplate på minnelund eller på ein gravstein.
Nærare info frå Statsforvaltaren finn ein her: TRYKK HER
Anonym grav
Ei grav uten namn. Pårørande kan ikkje delta ved gravlegginga og det er kun gravplassmyndigheita som skal vite kor den avdøde er gravlagd. Pårørande kan få beskjed når gravlegginga har funne stad.