Gravplassmyndigheit i Sykkylven kommune

Opning av namna minnelund

Det var ein gledens dag når tida var inne for offisiell opning av den namna minnelunden ved Sykkylven kyrkjegard, gravplassen i Sykkylven. Dette var den 13. mai 2025.

Frå opninga den 13. mai 2025

Det var ein gledens dag når tida var inne for offisiell opning av den namna minnelunden ved Sykkylven kyrkjegard, gravplassen i Sykkylven.

Snora vart klipt av ordførar, Olav Harald Ulstein.
På kva si side har vi Synnøve Kalvatn og Jarle Strømmegjerde, frå gravplassutvalet.

Minnelunden er utforma av Kjell Gunnar Overøye, kunstnar.
Her er det han formidla under opninga den 13. mai 2025:

MINNELUND I SYKKYLVEN
- Ein plass der ein kan minnast sine døde.
- Ein plass med god tilkomst for alle.
- Ein plass med tre og planter.
- Ein plass med blomster og lys.
- Ein plass med utsikt mot landskapet og bygda.
Det var fem punkt som eg tenkjer kan seie noko kva ein minnelund kan vere,
oppsummert etter ei reise i landet der eg såg på minnelundar.

LITT OM UTFORMING OG MATERIALBRUK
Sitert frå Wikipedia: «Kyrkjegardar er verdifulle kulturmiljø som kan fortelje mykje om både
lokalhistorie og sosiale forhold, stilhistorie og teknologisk utvikling».
Slik er òg denne gamle gravplassen i Sykkylven på eit vis eit vitne om ein ganske lang periode
i bygda si historie. Og med den historia som bakteppe, so tenkte eg at målet måtte bli å
skape eit møte mellom eldre tider og vår samtid – med tanke på utforming og materialbruk.

Då eg kom hit fyrste gongen og såg det tiltenkte arealet her, med form av ein trekant som
enda i ein spiss mot elva, så slo det meg at sjølve anlegget kunne få ei sirkulær eller elliptisk
utforming som ein kontrast til omraminga av plassen. På same tid burde anlegget kunne falle
naturleg inn blant det som er her på gravplassen frå før. Her kan nemnast at sjølve
minnesmerka står i same retning som gravminna elles her.

Stein, tre, stål og kopar er materiale som går att på minnelunden. Koparen – brukt av
menneske i nærare 7000 år – til det syrefaste stålet som må reknast som eit nokså ungt og
nesten nytt materiale i denne samanhengen. Desse to sistnemnede metalla er nytta både i
konstruksjon og kledning på fleire delar, ihopsett med klinknaglar.

Ein berande idé var at alle synlege materiale skal stå fram naturleg som det dei er eller slik dei
vil vere over tid, i allslags ver. Altså utan tradisjonell lakk eller dekkjande måling som
overflatebehandling. Det betyr til dømes olja treverk eller at koparen vil eire.

Til eiringa av koparen konsulterte eg arbeidsfolk og forskarar ved Nidarosdomen
Restaueringarbeider som delte kunnskap om gamle naturbaserte metodar for eiring av
kopar. Dette førte oss til dyreriket – og der fekk vi mykje hjelp av eit firbeint dyr på mange
100 kg som heitte Heidur; (edle vesker i etterkant iblanda vatn og litt syre) Arbeidet vart
utført utandørs i fuktig ver, i snøbyger, i regnbyger, i opphaldsver og tidvis med litt solgløtt.
Slik vart naturen sjølv bokstavleg talt ein direkte medhjelpar som på sitt vis sette sine synlege
avtrykk i materiala. Dei fire søylene fekk dermed variasjonar i eiringa, medan forma på
søylene er like. Vi fekk då ein start på ei omdanning som det normal tek mange år å få i gang.
Tanken er at materiala skal leve med naturen og dei vil gradvis endre seg over tid – dit
naturen tek dei.

Om motiva på minnesmerka:
Planen var at namneplatene ikkje skulle stå mot ei naken flate. Studerer ein gravminne opp
gjennom historia, finn ein mange slags motiv, og det er interessant å sjå korleis dei har endra
seg med åra; frå symbol som ofte handla om livets forgjengelegdom, til dømes timeglasset, –
til symbol som kanskje vert oppfatta som meir håpefulle; fuglar, hjarteformer og liknande,
som ein ofte ser i våre dagar. Ein kan vel seie at symbolbruken speglar tidsånda.

Eg hadde ein prosess med dette og mykje vart forkasta. Og ein spør seg gjerne: Kan eit motiv
bere med seg ei meining utover det reint dekorative? – Med dei små blada prøvde eg å få
fram ei lett, svevande rørsle. Noko meir utover det veit eg ikke å seie sjølv om eg har tenkt
eitt og anna langsmed. Kvar ein får leggje det ein vil i det.

Avslutningsvis: Det er mange som har bidratt mykje til sjølve produksjonen av anlegget. Eg vil
spesielt nemne Nyborg, som har gjort mykje arbeid med tilskjering og knekking av ulike
delar i metall. Ei flott bedrift med kjekke og flinke folk. Og eg vil nemne Jarle Slyngstad som
med stor dyktigheit har fått motiva overført til program for digital laserskjering. Mykje takk til
dei.

Andre aktørar:
JE Sandal anleggsgartnar; grunn- og steinarbeid
PU-fabrikken; trearbeid
Hagelaget; idear til utplanting
Holmberg gartneri; leverandør av utplanting

13. mai 2025
Kjell Gunnar Overøye