Gravplassmyndigheit i Sykkylven kommune

Nyttig informasjon til ansvarleg for gravferda

Er du den som sørger for gravferda?

Det er éin person som skal ha det formelle ansvaret for gravferda. Dette står i gravplasslova. Å sørge for ei gravferd inneber for eksempel å avgjere kvar og korleis den avdøde skal gravleggast.

Lova avgjer kven som har rett til å sørge for gravferda. Ansvaret avgjerast i følgande rekkefølge: ektefelle eller ekteskapsliknande sambuarskap, barn, foreldre, barnebarn, besteforeldre, søsken, søsken sine barn og foreldre sine søsken. I tillegg må personen vere over 18 år. Det er mogleg å seie frå seg ansvaret for å sørge for gravferda. Da går retten vidare til neste person i rekka. Det er viktig å merke seg at det å vere ansvarleg for grav/festar ikkje automatisk er den same som er ansvarleg for gravferda. Les meir om dette på «Nyttig informasjon til ansvarleg for grav».

Dersom den avdøde har etterlate seg skriftleg, signert erklæring om kven vedkomande ønsker skal ta ansvar for gravferda, vil denne gå føre den lovregulerte rekkefølga. I erklæringa kan kven som helst over 18 år sørge for gravferda, uavhengig av den lovregulerte rekkefølga. Men, det å sørge for ei gravferd er fortsatt ein rett, ikkje ein plikt. Det betyr at den som er oppført har høve til å seie frå seg denne retten.

Dersom det er usemje om kven som skal sørge for gravferda, er det kommunen som avgjer saka. Det er også kommunen som vil ta ansvaret for gravferda, dersom ingen etterlatte ønsker å sørge for gravferda.

 

Kva gjer du som sørger for gravferda?

Du tar ei rekke avgjersler i samband med gravferda, som for eksempel:

  • Om avdøde skal bli kremert eller om det skal være kistegravlegging. Etter kremasjon kan ein velge mellom urnegravlegging og askespreiing. Ved askespreiing må ein ha ei godkjenning frå Statsforvaltaren.
  • I kva kommune, gravplass og grav den avdøde skal bli gravlagt.
  • Kva seremoni og eventuelt seremonistad som skal brukast ved gravferda.

Mange vel å la eit gravferdsbyrå ordne det meste av praktiske og formelle oppgåver i samband med gravferda. Pårørande som ønsker det, kan likevel utføre mange av desse sjølv, f.eks. pynting av seremonilokale og utforming av program/sanghefte. Gravplassmyndigheita i din kommune pliktar å rettleie om fristar og utfylling av skjema. Ønsker du meir informasjon om kva familien sjølv kan ordne av oppgåver omkring gravferda, finn du det her Ta ansvar for gravferden | Gravferd (statsforvalteren.no).

Ved gravlegging brukar ein skjema Begjæring om gravlegging og eller kremasjon

Etter at gravferda er gjennomført vil du som sørger for gravferda få høve til å bli ansvarleg for grava, med mindre avdøde blir lagt i ein allereie festa grav. Da vil den som er festar fortsatt ha ansvaret. Festar kan overføre ansvaret til andre som eventuelt ønsker å ta over.


Tidspunkt for gravferd

Onsdagar kl. 13.00
Fredagar kl. 10.30 og kl. 13.00

Deltaking ved urnenedsetting

Mange opplever det fint å kunne ta eit siste farvel ved å vere til stades ved urnenedsettinga. Ved ei urnenedsetting er det dei pårørande sjølve som avgjer korleis urnenedsettinga skal skje. På førehand er det avtalt grav/stad og det er gjort klart for å sette ned urna.

Urnenedsettinga kan utførast utan pårørande, men vanlegvis ønsker nokon frå familien å være til stades. Pårørande møter gravplassmyndigheita sin representant til avtalt tid og stad. Representanten har med seg urna. Før urnenedsettinga vil pårørande bli vist urna og namnet som står på denne. Pårørande kan velge om dei vil legge jorda tilbake etter senkinga, eller om dei ønskjer at gravplassbeteninga tek seg av dette. Ei urnenedsetting tek normalt omlag 10 minutt.

 

Gravferdsbyrå

Det er fleire ulike gravferdbyrå i området, men berre eitt som er lokalisert i Sykkylven kommune.
Dei aller fleste vel difor å bruke Welle Gravferdstjenester AS