Gravplassmyndigheit i Sykkylven kommune

Nyttig informasjon til ansvarleg for grav

Éin person skal vere ansvarleg for ei grav. Den som er ansvarleg for gravferda skal få høve til vere ansvarleg for grava dersom den avdøde får tildelt ny grav. Ved gjenbruk av grav må den som er festar godkjenne ny bruk. Når ein ny grav blir tatt i bruk til ein av kommunen sine eigne innbyggarar blir det kalla ei frigrav. Denne skal det ikkje skal betalast for.

Frigravperioden er vanlegvis på 20 år. Når denne perioden er over, vil du få melding og høve til å feste grava vidare mot betaling. Du blir da festar av grava.

 

Ønsker du å slette ei grav?

Dersom du er ansvarleg eller festar for ein grav, kan du velge å slette grava. Det betyr at du seier i frå deg ansvaret for grava og at festet opphøyrer. Da er det gravplassmyndigheita som tek over ansvaret. I dei fleste tilfelle vil gravminnet og planter bli fjerna, og det blir sådd til med gras.

Dersom du ikkje ønsker å ta med gravminnet, vil dette bli overtatt av gravplassmyndigheita. Gravminnet kan da bli destruert eller brukt om att. Dersom fredingstida for grava er gått ut, vil grava kunne bli brukt til ny gravlegging.

Det er også mogleg å overføre festet til andre, så sjekk gjerne med familie eller andre etterlatte før du vel å slette ei grav.

 

Vedlikehald av gravminne

Det er valfritt om man vil sette opp eit gravminne, men dei fleste vel å ha ein gravstein ved grava. Eit gravminne kan også vere i andre materiale, f.eks. metall, glas eller betong, men det skal brukast materiale som er varige og vedlikehaldsfrie. Ei kiste eller urne bli vanlegvis satt ned i ei grav der dei etterlatte sjølv set opp og vedlikeheld gravminnet. Det betyr at den ansvarlege for grava/festar har ansvar for at gravminnet ikkje er til fare for dei som ferdast på gravplassen.

I samband med gravlegging i nabograver kan det skje at gravminnet må takast bort midlertidig, men det vil bli satt opp igjen så fort arbeidet er ferdig. Dette blir gjort av dei som jobbar på gravplassen.

Gravplassmyndigheita har ansvar for vedlikehald av minnesmerke på anonym minnelund, namna minnelund og urnevegg der desse er å finne.

Kva gjer eg når eg ønsker å overføre ei festa grav til nokon andre?

Send ein e-post til post@sykkylven.kyrkja.no (eller ring 70246900) for å få nærare informasjon, samt for å få tilsendt eit skjema for dette.

Kva gjere eg når eg ønsker å slette ei grav?

Send ein e-post til post@sykkylven.kyrkja.no (eller ring 70246900) for å få nærare informasjon, samt for å få tilsendt eit skjema for dette.

Det står eit gult skilt på grava, kva er årsaka til det?

Årsakene er ein av følgjande: 

  • Festaren av denne grava er ukjent 
  • Vi får ikkje kontakt med festaren til denne grava

 

Kvifor vil vi ha kontakt med deg?

  • Festeavgifta er ikkje betalt og vi ønskjer kontakt for å få avtalt om grava skal vidareførast eller slettast. Hvis vi ikkje får kontakt innan det har gått 6 månedar etter at vi satte på lappen blir grava sletta. 6 månedar etter slettinga fell grava tilbake til gravplassmyndigheita, jfr gravferdsforskriften § 6. 
  • Festar har ansvart for at gravminnet er forsvarlig sikra. Dersom gravminnet ikkje er godt nok sikra, og vi ikkje får tak i fester for å få det sikret, kan gravminnet bli lagt ned av omsyn til sikkerheita til dei som ferdast på gravstaden, jfr gravferdsforskriften §§ 24 og 26.

Må gravminnet godkjennast?

Alle gravminner skal godkjennast, og merkepinne sett ned, av gravplassmyndigheita før dei blir sett opp på gravplassen. Dette jf. forskrift til lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravplassforskriften). Sjå elles lokal forskrift og gravplassvedtekter, Sykkylven kommune §7.


Kulturdepartementet har utarbeidd eit nasjonalt skjema, "Begjæring om gravlegging", som skal framsettast av den som sørger for gravferda. Skjemaet finn du her: Statlige blanketter