Gravplassmyndigheita i Sula

Utviding av Langevåg kyrkjegard

Sula kommune har satt av midlar i 2025 og 2026 til å prosjektere ei utviding av kyrkjegarden i Langevåg, og andre moglege oppgraderingar av anlegget. Det er mellom anna tankar om ei namna minnelund og eiga gravfelt for muslimsk gravlegging.

Norconsult utførte eit moglegheitstudie for Sula sokn når det gjeld utviding av kyrkjegarden på eksisterande areal satt av til gravplass i den kommunale reguleringsplanen. Studiet vart avslutta 2025. Detaljprosjektring vil starte opp i 2026.

Konsulentfirmaet hadde dette å seie om dei forskjellige områda:

Utviding vest- kistegraver

Området i vest er utvida og tilrettelagt med gravfelt for doble graver, samt eit gravfelt for gravlegging etter muslimsk gravskikk. Utvidinga i vest gir ein kapasitet på omlag 1266 kistegraver. Det er lagt inn ein møteplass i denne delen av gravplassen med benkar, vasspost og avfallsstasjon. Det er medtatt lysmaster langs sti og ein port i vest. Gravplassen er avgrensa med gjerde og vegetasjon. Det kan etablerast midlertidige parkeringsplassar i vest. Når/dersom regulert veg vert bygd ut, kan ein sjå på ei tilpassa løysing.

Urnelund

Arealet sør på gravplassen kan tilretteleggast med urnegraver. Området kan gjerast tilgjengeleg ved å rydde opp i området som framstår litt uryddig, og etablere ein gangforbindelse som synt på skissa. For å avgrense urnelunden foreslås å bruke hekkar og ev tosidige lave natursteinsmurar. Dette er også med på å knyte saman minnelund og urnelund på ein visuell måte. Det er skissert opp 264 urnegraver i skissa. Antal må vurderast nærmare i detaljfasen.

Namna minnelund

I skisseprosjektet er det foreslått å etablere ein namna minnelund rett sør for Langevåg kyrkje. Arealet består i dag av bla. store vintergrøne tre og ein fin grasbakke. Ved å ta vekk dei høge grantrea vil ein etablere ein viktig visuell kontakt mellom kyrkja og gravplassen. Det er to minnesmonument i området i dag, og den namna minnelunden kan vere med å etablere eit samlande grep for dette arealet. Det er sentralt og tilgjengeleg for alle, og kan fungere som ein møteplass og ein stad for kontemplasjon. Det er foreslått minnesmonument for urnegraver (med plass til 576 urner) og eit minnesmonument for anonyme graver. I vidare arbeid må ein sjå nærmare på høgder og fallforhold i samanheng med jorddybde.

Driftsområde

Ved etablering av østvest gåande gangforbindelse mellom ny og gammal gravplass, vil det vere naturleg å flytte adkomst til driftsområde lenger sørvest for å få ein naturleg samanheng på tvers av Øvre Råsa. I område knytta til driftsbygningane er det satt av eit område for deponering av masser med tilkomst mellom ny og gammal driftsbygning. Det er foreslått fire båsar, og plass til oppbevaring av gamle gravstøtter. Mellomlagring av masser her er med på å frigi arealer inne på gravplassen som kan utnyttast betre. Område kan skjermast mot gravplass og nabo ved bruk av vegetasjon.