Om oss
Velkomen til gravplassmyndigheita i Klepp.Det er Klepp kirkelige fellesråd som etter lova er gravplassmyndigheit og har ansvar for det administrative og praktiske knytt til gravplassane i kommunen. Vi forvaltar gravplassane med respekt for dei avdøde si trusretning. Gravplassane er også ein stad for levande, og difor er det viktig for oss at etterlatte og besøkande skal oppleve gravplassane som ein god stad for å sørge og minnast.Gravplassforvaltninga er eit offentleg livssynsopent administrativt ansvarsområde og ikkje ein del av Den norske kyrkjas tenester og tilbod.
Gravferdsseremoniar kan gjennomførast av alle trus- og livssynssamfunn. Dei kristne trussamfunna kan nytte kyrkjene til sine seremoniar, medan andre trus- og livssynssamfunn ofte brukar eigne lokale eller leigde lokale som er eigna i kvart enkelt tilfelle. Når det nye rådhuset, kulturhuset og kyrkja står klare i Klepp sentrum, vil det bli moderne og velegna lokaler tilgjengeleg for alle.