Former for graver og gravlegging
Den som er ansvarleg for gravferda har ansvar for å bestemme om avdøde skal bli kremert eller gravleggast i kiste. Det er gravplassmyndigheita som tildelar kva grav som skal brukast.Gravstad
Ein gravstad kan bestå av ei eller fleire graver. Det kan vere fleire graver sjølv om det kun er eitt gravmonument.
Tilvising av grav
Avdøde personar med bustad i kommunen kan etter eige ynskje gravleggjast på kva som helst av gravplassane i kommunen.
Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir rekna med på same måte som kommunen sine eigne innbyggjarar.
Avdøde personar frå andre kommunar kan bli gravlagt på gravplassar i kommunen mot at ein betaler kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav.
Namna minnelund
Ei namna minnelund er eit område av gravplassen med eit felles minnesmerke og gravfelt for både urne- og kistegraver. På minnesmerket vert det montert ei namneplate for kvar gravlagde.
Namna minnelund er eit verdig minnesmerke kor stell og vedlikehald utførast av fagarbeidarane på gravplassen. Det er eigne områder kor ein kan sette blomar og lys. Det er eit godt alternativ til ei vanleg grav med gravminne kor ein sjølv må stå for stell og vedlikehald.
Ved gravlegging i namna minnelund kan pårørande delta på vanleg måte. Namn og data til avdøde skal førast på ei namneplate på eit felles minnesmerke, fastsett av gravplassmyndigheita.
Graver i namna minnelund kan ein feste etter utløpet av fredingstida på lik linje med andre graver på gravplassen. Namneplata vert fjerna når grava vert sletta.
I namna minnelund kan ein feste ei grav i tillegg (reservering) når ei grav blir nytta, mot at ein betalar ein festeavgift frå det tidspunktet den fyrste grava blir nytta. Ved feste av ei grav i tillegg, vil ikkje nødvendigvis gravene komme attmed kvarandre, men namneplatene kjem attmed kvarandre.
Avgift for bruk av namna minnelund skal ein betale frå det tidspunktet grava blir nytta. Slik avgift skal dekka kostnader til namneplate, del av minnesmerke, tilplanting og stell i minnelunden.
Gravplassmyndigheita har ansvaret for dei felles plantene og stellet i minnelunden. Det er ikkje høve til å opparbeide eigne plantefelt for gravene i minnelunden. Ein kan legge ned blomar og tenna gravlys så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern, på ein stad tilvist av gravplassmyndigheita.
Det er navnet minnelund på Klepp gravplass.
Unamna minnelund
Unamna minnelund er gravfelt for anonyme graver. Feltet kan ha eit felles minnesmerke utan opplysningar om kven som er gravlagt.
Graver i unamna minnelund kan ikkje festast. Gravene har vanleg fredingstid på 20 år. Det er ikkje høve til å opparbeida eige plantefelt eller setja ned gravminne på unamna minnelund. Blomar og lys skal berre plasserast på anvist sted. Etterlatne kan delta under gravlegging om ynskjeleg.
Fredingstid
Fredingstid er den tida ei gravlagt kiste eller urne skal stå i fred før grava kan gjenbrukas. I Klepp er fredingstida 20 år.
Oskespreding
Oske etter kremasjon kan etter søknad til Statsforvalteren spreiast i naturen. Les meir på statsforvalteren sin nettside om gravferd.
Sjå meir om kremasjon under sida kremasjon