Faktura for festeavgift kjem no
Her finn du nyttig informasjon om betaling av festeavgift, endering av festar og sletting av grav.Informasjon om festeavgift som forfell til betaling dette året.
Til deg som har ansvar (er festar) for ei eller fleire graver på gravplassane i Klepp kommune.
Det er Klepp kyrkjelege fellesråd som har ansvar for gravferdsforvaltinga i Klepp kommune.
Årleg festeavgift er for tida kr. 250,- pr grav. Festeperioden er 5 år. Totalt vert då faktura på kr. 1.250,- pr grav. Når du har betalt, blir feste for grava/gravene automatisk forlenga med 5 år.
Kva skal du gjera nå?
- Dersom du skal behalda gravene slik som i dag, treng du ikkje gjere anna enn å betala fakturaen.
- Dersom festet skal overførast til ein ny person eller du skal slette ei eller fleire graver, må du fylla ut eit skjemaet og sende det til oss.
Om du ynskjer å endra noko, kan du sende ein e-post til kontor.klepp@kirken.no så vil vi sende deg det skjemaet du treng. Dette skjemaet finn du og som vedlegg til fakturaen du har motteke i nettbanken eller i vipps.
Nyttig informasjon:
- Når ein person vert gravlagd, betaler du som festar ikkje noko dei første 20 åra. Dette kallast ein friperiode.
- Nokre graver er doble. Det vil seie at dei er ekstra djupe slik at to personar/kister kan gravleggast over kvarandre. Dersom det går mindre enn 20 år mellom første og andre person som vert gravlagd i same grav, startar ein ny friperiode på 20 år. Første gong du skal betala festeavgift er difor år 21 etter at siste person har vorte gravlagd i denne doble grava. Det er doble graver på dei nye gravfelta på Klepp og i Orre.
- Dei fleste eldre graver er enkle graver. Då gjeld friperioden i 20 år og du betaler frå det 21. året. I Bore er alle graver enkle graver. På Klepp og i Orre er det enkle graver på dei eldre gravfelta. På felt med enkle graver, er det mange som vel å festa nabograva slik at dei har reservert ei grav ved sida av den som vert gravlagd. For den grava som vert brukt startar då friperioden, men for nabograva som har vorte reservert, startar festeavgifta frå første dag og det er ingen friperiode for denne grava, sjølv ikkje når ho vert teken i bruk.
Det er opp til deg, som festar, å vurdere om du ønskjer å festa gravene etter dei første 20 åra. Viss du ikkje ønskjer vidare feste, bør du undersøkje om det er andre i familien som vil overta festet. Om ingen vil vere festarar, vil grava bli sletta. Gravminnet/steinen vil då bli fjerna og grava kan nyttast til andre etter ei tid.
Om du har spørsmål er det ynskjeleg at du kontaktar oss på e-post: kontor.klepp@kirken.no
Skulle du ikkje finne informasjonen du treng på våre nettsider, anbefaler vi at du sender oss ein e-post, så vil me svara så snart me kan. Du kan koma innom eller ringa om du treng det. Me held til saman med kyrkjekontoret i Kleppevarden 2 i Kleppekrossen.
Opningstid er måndag til torsdag kl. 10:00-13:00.
Telefon sentralbordet: 51 78 95 55.
Send di endring av festar eller melding om sletting av grav til:
Gravplassmyndigheita i Klepp
Postboks 101
4358 Kleppe
Brevet kan eventuelt leggjast i postkassa utanfor kontoret i Kleppevarden 2.
Med helsing
Arvid Kaspersen
Gravplassforvaltaren i Klepp