Gravplassmyndigheita i Klepp

Nyttig informasjon til ansvarleg for grav

Éin person skal vere ansvarleg for ei grav. Den som er ansvarleg for gravferda skal få høve til vere ansvarleg for grava dersom den avdøde får tildelt ny grav. Ved gjenbruk av grav må den som er festar godkjenne ny bruk. Når ein ny grav blir tatt i bruk til ein av kommunen sine eigne innbyggarar blir det kalla ei frigrav. Denne skal det ikkje skal betalast for.

Frigravperioden er vanlegvis på 20 år. Når denne perioden er over, vil du få melding og høve til å feste grava vidare mot betaling. Du blir da festar av grava.

 

Ønsker du å slette ei grav?

Dersom du er ansvarleg eller festar for ein grav, kan du velge å slette grava. Det betyr at du seier i frå deg ansvaret for grava og at festet opphøyrer. Da er det gravplassmyndigheita som tek over ansvaret. I dei fleste tilfelle vil gravminnet og planter bli fjerna, og det blir sådd til med gras.

Dersom du ikkje ønsker å ta med gravminnet, vil dette bli overtatt av gravplassmyndigheita. Gravminnet kan da bli destruert eller brukt om att. Dersom fredingstida for grava er gått ut, vil grava kunne bli brukt til ny gravlegging.

Det er også mogleg å overføre festet til andre, så sjekk gjerne med familie eller andre etterlatte før du vel å slette ei grav.

 

Vedlikehald av gravminne

Det er valfritt om man vil sette opp eit gravminne, men dei fleste vel å ha ein gravstein ved grava. Eit gravminne kan også vere i andre materiale, f.eks. metall, glas eller betong, men det skal brukast materiale som er varige og vedlikehaldsfrie. Ei kiste eller urne bli vanlegvis satt ned i ei grav der dei etterlatte sjølv set opp og vedlikeheld gravminnet. Det betyr at den ansvarlege for grava/festar har ansvar for at gravminnet ikkje er til fare for dei som ferdast på gravplassen.

I samband med gravlegging i nabograver kan det skje at gravminnet må takast bort midlertidig, men det vil bli satt opp igjen så fort arbeidet er ferdig. Dette blir gjort av dei som jobbar på gravplassen.

Gravplassmyndigheita har ansvar for vedlikehald av minnesmerke på anonym minnelund, namna minnelund og urnevegg der desse er å finne.

Feste av grav med meir

Når ei enkel kistegrav skal takast i bruk, er det høve til å reservere og feste ei grav ved sida av grava som vert teken i bruk, og etter søknad til gravplassmyndigheita for ytterlegare ei ekstra grav når behovet seier det. Desse gravene utgjer då éin gravstad. Ved feste av grav(er) ved sida av den kistegrava som ein først nyttar, er festetida 20 år.

Ved bruk av urnegrav kan det ikkje festast grav ved sida av urnegrava.

Det skal betalast avgift som ved feste for ekstra festa graver frå fyrste dag og så lenge festeavtalen gjeld, uavhengig av bruk av grava.

Når festetida/fredingstida er ute, kan ein feste grava/gravstaden for nye 5 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje bli fornya utan etter eit særleg samtykkje frå gravplassmyndigheita. I god tid før festetida er ute, skal gravplassmyndigheita varsle festaren.

Har ein ikkje fornya festet innan seks månader etter forfall, går grava eller gravstaden tilbake til gravplassen.

Innbetalt festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsreglar eller det ligg føre særlege grunnar.

Ein kan ikkje gravlegge i ei grav utan samtykke frå gravansvarleg eller festar. Dersom det ikkje er råd å hente inn samtykkje frå gravansvarleg eller festar, kan gravplassmyndigheita avgjere gravlegginga.

Festar pliktar å melde adresseendring. Når ein festar dør, skal dødsbuet gi gravplassmyndigheita melding om kven festet skal overførast til.

 

Grav og gravminne

Ved opning av ei grav kan ein legge jorda på dei omkringliggande gravene og ein kan mellombels flytte gravutstyret. Gravplassmyndigheita sørgjer for istandsetting igjen, og vil også sjå til at grava blir planert og tilsådd med gras etter gravlegging.

Montering av gravminne kan først skje etter at gravplassmyndigheita har godkjent gravminnet og merka staden der det skal stå. Gravminnet kan ikkje setjast opp tidlegare enn 1 månad etter gravlegging av kiste. Gravminne på urnegrav kan ein sette opp med ein gong etter urnenedsettinga. Så lenge ein ventar på gravminne, ordnar gravplassmyndigheita eit merke med namnet til avdøde.

På ein nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast i bakkant av den grava ein først nyttar. Gravminnet blir ståande der for godt.

Gravene i barnegravfeltet på Klepp gravplass er mindre enn 2,4 x 1,2 m og gravminna skal difor ikkje vera større i høgd og bredde enn dei gravminna som alt står på desse gravfelta (liten storleik). Det vil seia at gravminna ikkje skal vera høgare enn 80 cm, breiare enn 75 cm og tjukkare enn 60 cm, begrensa slik at største høgde x største bredde x største tjukkelse ikkje overstig 0,1 m​3 og vekta ikkje overstig 150 kg.

Om plantefelt

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde, men kan i alle tilfelle vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lengre fram enn 60 cm, målt frå gravminnet sin bakkant. Det kan ikkje plantast vekstar som går over høgda til gravminnet eller går ut over plantefeltet. Vekstar skal heller ikkje dekkja namnet på gravminnet.

I plantefeltet er det høve til å setta ned midlertidige dekorgjenstandar og sorguttrykk, så lenge dei ikkje er til sjenanse, gjer drifta av gravplassen vanskeleg (opning av grav, grasklipping, o.l.), eller er brannfarleg i samband med tenning av lys, jamfør neste avsnitt. Det er ikkje høve til å bruke faste dekorgjenstandard som blomsterurner, lykter eller liknande i plantefeltet.

Det er høve til å tenne lys (stearinlys, oljelampe o.l.) når dette er innanfor dei gjeldande føresegnene om brannvern. Lykter og lys må vere tilstrekkeleg festa, til dømes med jordspyd, eller ha ei eigenvekt som gjer at dei ikkje kjem på avvegar.

Laust dekor må plasserast minst 10 cm frå ytterkant av plantefeltet. Ein skal fjerne lys og andre lause dekorgjenstandar etter bruk.

Frittståande plastlys med eller utan metallhette må plasserast i lykter som gjer at fuglar eller dyr ikkje kan få tak i dei.

Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt steinkant eller ei bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

Det er ikkje høve til å ramme inn grava med hekk eller andre materiale.

Planter, kransar og liknande materiale som ein har nytta ved gravferd eller ved pynting av grava og som endar som avfall, skal vere heilt kompostérbare.

Om stell av grav

Kvar gravansvarleg eller festar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvaret for. Plantefelt som ikkje blir tilplanta eller stelt, skal den gravansvarlege eller festaren så til med gras, eller blir tilsådd av gravplassmyndigheita.

Den gravansvarlege eller festaren pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand.

Gravansvarlege eller festaren kan avtale med Klepp Gravplassmyndigheit, eller den som får løyve til det etter § 13, om planting og stell av grav, samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet. Ei slik avtale fritek ikkje den gravansvarlege eller festaren frå det ansvaret vedkomande har etter dei til ein kvar tid gjeldande føresegnene.

Gravplassvedteker

Sjå Lovdata for full oversikt over gravplassvedtektene for Klepp ved å trykke her.