Sæbø kyrkje
Sæbøvågen 40, 5938 Sæbøvågen
Plass til 240 personar.
Adkomst
- Nærmaste busshaldeplass: Sæbø, 200m frå kyrkja.
- Parkering: Kyrkja har eigen parkeringsplass med innkøyring rett frå hovuedvegen. Frå parkeringsplassen er det trappefri adkomst til kyrkja via grussti.
- Rullestolrampe ved hovudinngangen til kyrkja. Denne rampen er diverre ikkje oppvarma om vinteren men vi vil gjere vårt beste for å halde den fri for snø og is.
- Det er ikkje døropnar ved hovuddøra, men den er rimeleg lett å opna og med tilpassa dørterskel.
I kyrkja
- Tilgjengeleg toalett i våpenhuset.
- Det er berre stolar i kyrkjerommet.
- Fastmontert rullestolrampe som går opp til alterpartiet. Denne er plassert på venstre sida av kyrkjerommet.
Høyrsle og lyd
- Det er teleslynge i kyrkja med best dekning i området foran galleriet og fram til kortrappa. Under galleriet er det dårlege signal.
- I hovudsak god lyd i kyrkja men det kan vera lurt å sjå kor høgtalarane er plasserte og unngå å sitja rett under dei, dersom du høyrer dårleg. Unngå også å sitja under galleriet, for her er lydnivået mykje lågare.
Syn og orientering
- Det er middels-god belysning i kyrkjerommet, men lysnivået er noko lågare inntil veggane, under galleriet og i korpartiet.
- Det er ikkje kontrastmarkeringar i kortrappa og der golvnivået varierar på galleriet. Golvet er lysegrått med grønt teppe i midtgongen.
- Vi har salmebøker med stor skrift - be gjerne om ei blå salmebok.
- Vi har trykte gudstenesteprogram i to ulike storleikar (A5 og A4).
- Det er ikkje ledelinjer for brukarar av mobilitetsstokk.
Ved gudstenester og kyrkjelege handlingar vil vi legge til rette for at lysglober, musikkinstrument og liknande ikkje vert plasserte slik at dei er til hinder for bruken av kyrkjerommet. Vi har også planar om å legge til rette for Auracast.