Gravplassmyndigheita i Alver

Manger kyrkje

Radøyvegen 1681, 5936 Manger

Plass til 260 personar pluss inntil 100 på galleriet.

Adkomst

  • Nærmaste busshaldeplass: Manger senter, rett over vegen for kyrkja
  • Parkering: Kyrkja har eigen parkeringsplass ved gravplassen. Innkøyring ved Manger bedehus/Rema 1000. Frå parkeringsplassen er det trappefri adkomst til kyrkja - blanding av asfaltert gangveg og grus.
  • Rullestolrampe ved hovudinngangen til kyrkja. Rampen er oppvarma om vinteren.
  • Det er førebels ikkje døropnar ved hovuddøra som er litt tung å opna.

I kyrkjerommet

  • Det er ei blanding av stolar og benkar i kyrkja.
  • Tilgjengeleg toalett ved dåpssakristiet bak i kyrkjerommet.
  • Rullestolrampe som går opp til alterpartiet. Denne vert som regel satt på plass dersom nattverdutdeling eller andre handlingar skal foregå framme. Ellers foregår nattverdutdelinga i midtgangen utan fysiske hindringar.

Høyrsle og lyd

  • Det er teleslynge i kyrkja med best dekning i området foran galleriet og fram til kortrappa. Under galleriet er det dårlege signal.
  • I hovudsak god lyd i kyrkja men det kan vera lurt å sjå kor høgtalarane er plasserte og unngå å sitja rett under dei, dersom du høyrer dårleg. Unngå også å sitja under galleriet, for her er lydnivået mykje lågare.

Syn og orientering

  • I hovudsak god belysning i kyrkjerommet, men lågare lysnivå under galleriet og i korpartiet.
  • Det er kontrastmarkeringar i kortrappa og der golvnivået varierar på galleriet. Golvet er elles mørkt med raudt teppe i midtgongen.
  • Vi har salmebøker med stor skrift - be gjerne om ei blå salmebok.
  • Vi har trykte gudstenesteprogram i to ulike storleikar (A5 og A4).
  • Når vi bruker presentasjon på lerret, bruker vi kvit skrift på sort bakgrunn for best mogleg konstast.
  • Det er ikkje ledelinjer for brukarar av mobilitetsstokk.

Ved gudstenester og kyrkjelege handlingar vil vi legge til rette for at lysglober, musikkinstrument og liknande ikkje vert plasserte slik at dei er til hinder for bruken av kyrkjerommet. Vi har også planar om å legge til rette for Auracast i samband med neste oppgradering av lydanlegget.

Les meir om Manger kyrkje