Gravplassmyndigheita i Alver

Hordabø kyrkje

Radøyvegen 2646, 5937 Bøvågen

Plass til 260 personar.

Adkomst

  • Nærmaste busshaldeplass: Hordabø kyrkje, rett utanfor kyrkja.
  • Parkering: Kyrkja har eigen parkeringsplass med innkøyring rett frå hovuedvegen. Frå parkeringsplassen er det trappefri adkomst til kyrkja via grussti. 
  • Rullestolrampe ved hovudinngangen til kyrkja. Rampen er oppvarma om vinteren.
  • Det er ikkje døropnar ved hovuddøra, men den er lett å opna og utan trappetrinn.

I kyrkja

  • Tilgjengeleg toalett i underetasjen/kjellaren. Tilkomst via rampe ved sida av hovudinngangen til kyrkja.
  • Det er ei blanding av stolar og benkar i kyrkja.
  • Fastmontert rullestolrampe som går opp til alterpartiet. Denne er plassert på venstre sida av kyrkjerommet.

Høyrsle og lyd

  • Det er teleslynge i kyrkja med best dekning i området foran galleriet og fram til kortrappa. Under galleriet er det dårlege signal.
  • I hovudsak god lyd i kyrkja men det kan vera lurt å sjå kor høgtalarane er plasserte og unngå å sitja rett under dei, dersom du høyrer dårleg. Unngå også å sitja under galleriet, for her er lydnivået mykje lågare.

Syn og orientering

  • Det er middels-god belysning i kyrkjerommet, men lysnivået er noko lågare inntil midtgongen, under galleriet og særleg i korpartiet.
  • Det er ikkje kontrastmarkeringar i kortrappa og der golvnivået varierar på galleriet. Golvet er lysegrått med grått teppe i midtgongen.
  • Vi har salmebøker med stor skrift - be gjerne om ei blå salmebok.
  • Vi har trykte gudstenesteprogram i to ulike storleikar (A5 og A4).
  • Det er ikkje ledelinjer for brukarar av mobilitetsstokk.

Ved gudstenester og kyrkjelege handlingar vil vi legge til rette for at lysglober, musikkinstrument og liknande ikkje vert plasserte slik at dei er til hinder for bruken av kyrkjerommet. Vi har også planar om å legge til rette for Auracast.