Gravplassmyndigheita i Alver

Priser

Gjeldande satsar for 2025

Festeavgifter

  • Graver mellom 20 og 60 år gamle: Kr 708 pr.grav pr.år
    Innkreving kvart 5. år.
  • Graver som er meir enn 60 år gamle: Kr 1187 pr.grav pr.år
  • Særskilt reservert grav (festegrav): Kr 14 220 - festeavgift som gjeld i 20 år. Deretter betaling kvart 5.år.

Utanbygds gravferd

  • Kistegrav: Kr 20 737 inkl. mva (festeavgift kjem i tillegg, kr 708 pr. år)
  • Urnegrav: Kr 10 368 inkl. mva (festeavgift kjem i tillegg, kr 708 pr. år)
  • Særskilt reservert grav (festegrav): Kr 14 220 - festeavgift som gjeld i 20 år. Deretter betaling kvart 5.år.

Desse satsane gjeld for gravferd når avdøde ved dødsfallet var folkeregisterført i annan kommune enn Alver. Det er ingen friperiode for utanbygds graver.

Oppretting og midstilling av gravminne

  • Oppretting, montering eller midtstilling av gravminne: kr 2300 inkl.mva.
  • Namnetilføying (hente inn/setja tilbake gravminne): kr 1300 inkl.mva.

Gravstell

Alver kyrkjelege fellesråd har i møte 9.juni 2022 vedteke å ikkje inngå nye avtalar om gravstell.

Dei som har inngått avtale med legat/fond vil framleis få utført stell så lenge det er dekning på fondet. Stellet blir utført av Hageland Eikanger i tidlegare Meland og Lindås kommune. Radøy Arbeidsenter utfører stell på Radøy.

Stellet vil vere samansett slik:

  • Påske: Påskeliljer
  • Vår- siste del av april (viss ikkje seinfrost): Stemorsblomster
  • Sommar: Starten av juni : Raud begonia
  • Haust: ca september: Haustlyng
  • Vinter: Krans oppå lyngen innen jul

Pris per grav per år: kr 2350

Må ein også betale for gravferdsseremonien?

Kyrkjeleg gravferd i soknekyrkjene i Alver er gratis for alle som er busett i kommunen og som er medlem av Den norske kyrkja. Er du medlem i eit anna trussamfunn får du også gratis seremoni der.

 

For utanbygds gravferder, der avdøde var busett i ein annan kommune enn Alver, vil det påløpe ulike kostnadar avhengig av trussamfunn.

For soknekyrkjene i Alver er prisen slik:

  • Leige av kyrkja til kyrkjeleg handling: kr 1650
  • Godtgjersle til kyrkjemusikar: kr 2900
  • Godtgjersle til kyrkjetenar: kr 1950

Desse satsane gjeld òg innanfor kommunen dersom eit anna trussamfunn vil leige ei soknekyrkje til seremonien (t.d. om pinsemenigheita leigar kyrkja på Manger). Det er trussamfunnet som leig kyrkja som skal dekka utgifta, ikkje pårørande.