Gravplassmyndigheita i Alver

Snart ferdig med namna minnelund på Manger

Arbeidet med å få på plass namna minnelund på Manger nærmar seg slutten. Allereie no ser ein kor fint dette området kjem til å verta når minnelunden opnar etter sommarferien.

Sjølv om det er ein del anleggsarbeid som gjenstår, er det allereie no mogleg å reservere plass i minnelunden i samband med bisetjing. Dette fordi urnenedsetjing ikkje må skje så fort som med vanleg kistegravlegging.