Gravplassmyndigheita i Alver

Informasjon om gjenbruk av graver

Vi får mange spørsmål om når ei grav er kostnadsfri (frigrav) og når ein må betale for å bruke ei grav (festegrav). Her forklarer vi regelverket som gjeld.

Frigrav

Alle har rett på ei grav i kommunen sin ved dødsfall. Når den som ansvarleg for gravferda vel ei ny enkelgrav, skal gravplassmyndigheita tilby dette kostnadsfritt. Det er dette som vert kalla "frigrav". Dette gjeld for alle innbyggarane i kommunen, men dersom ein vil verta gravlagd i ein annan kommune, vil dette ofte koste pengar.

Denne "frigrava" er gratis i 20 år. Når denne perioden går ut, vil ein som regel kunne betale for å behalde grava vidare. Dette kallar vi for "å feste grava" og ein betalar då ei avgift som heiter "festeavgift".

Kort oppsummert: Gravplassmyndigheita skal tilby alle kommunen sine innbyggarar ei ny enkelgrav kostnadsfritt i 20 år.

Festegrav, dobbel kistegrav og gravstad

På folkemunne snakkar vi ofte om "dobbeltgrav". Akkurat kva dette tyder kan variere frå plass til plass i landet. Mange trur at det er snakk om to kister i same grav, men i Alver og dei tidlegare kommunane våre har dette aldri vore tilfellet. Det vi eigentleg snakkar om er to kistegraver vi sida av kvarandre, der den første gjerne var ei ny enkelgrav og den andre vart reservert ("festa") i samband med den første gravlegginga.

Desse to gravene utgjer det som vi kallar for ein "gravstad". Ein gravstad inneheld to, eller fleire, graver som høyrer saman. Det er kun den første grava som får ein friperiode på 20 år. Den reserverte grava er ei "festegrav" frå dag ein, og vil aldri kunne verta frigrav. 

Kort oppsummert: Ei reservert grav kan aldri verta ei frigrav og har ingen friperiode. Det skal betalast festeavgift frå dag ein.

Kan frigravsperioden verta forlenga?

Det er kun i svært få tilfelle at frigravsperioden kan verta forlenga. Hugs at det berre er den opphavlege "frigrava" dette kan gjelde for; ei reservert grav får aldri noko friperiode. Dersom ei urne vert satt ned i ei frigrav (dvs før friperioden utløper) vil friperioden for denne grava verta fornya. Har friperioden derimot utløpt, slik at ein har byrja betale festeavgift for denne grava, får ein ingen ny friperiode.

Kort oppsummert: Det er kun ved netsetting av urner før friperioden utløper at frigravsperioden kan verta forlenga.

Eksempel 1: Eg vil setja ned ei urne i ei grav eg allereie har ansvaret for. Får eg ny friperiode?

I dette tilfellet vil følgjande gjelde:

  • Eg har ikkje betalt avgift for den aktuelle grava:
    Då kan urna setjast ned og friperioden for grava vert fornya med nye 20 år.

  • Eg har betalt avgift for den aktuelle grava:
    Då kan urna setjast ned, men det vert ikkje noko ny friperiode for grava sidan den allereie er ei festegrav.

Eksempel 2: Eg vil setja ned ei urne i ei grav eg allereie har ansvaret for, men avdøde budde ikkje i kommunen. Må eg betale då?

I dette tilfellet er det fleire forhold å ta omysn til:

  • Vil frigravsperioden verta forlenga?
    Nei. Regelen om frigrav gjeld for kommunen sine innbyggarar. Dersom avdøde ikkje var busett i Alver, vil urnenedsetjinga verta å sjå på som ei utanbygds handling og dermed ikkje utløyse ei fornying av friperioden.

  • Kva må eg då betale for?
    Det vert krevd betaling for ei utanbygds urnegrav og festeavgift for inntil 20 år fram i tid. Dette er fordi grava er "freda" eller låst i 20 år etter nedsetting av ei urne. Gjeldande satser finn du her.

    Nøyaktig kva periode du må betale festeavgift for vil verta styrt av den opphavlege grava. Dersom det allereie er betalt festeavgift for den t.d. 5 år fram i tid, vil du måtte betale festeavgift for dei 15 åra som kjem etterpå. Gravplassmyndigheita skal i førevegen kunne opplyse om kva som gjeld for den aktuelle grava.

Eksempel 3: Eg er ansvarleg for ei kistegrav. Kan den brukast til ny kistegravlegging, og kva er regelen når avdøde ikkje budde i kommunen?

Hovudregelen er at det mogleg å gjenbruke ei kistegrav etter det har gått 20 år sidan sist gravlegging. Då utløper det som heiter "fredningstida" for grava. I praksis må ein ofte vente lenger enn dette, opp mot 30 år. Gravplassmyndigheita vil kunne gje meir informasjon i kvart einskild tilfelle.

 

Hugs at det ikkje vil verta noko ny friperiode for grava sidan den allereie er ei festegrav som det vert betalt for. 

 

Dersom avdøde ikkje var busett i Alver

I dette tilfellet vil det verta krevd betaling for ei utanbygds kistegrav og festeavgift for inntil 20 år fram i tid. Dette er fordi grava vert "freda" eller låst i nye 20 år etter ny gravlegging. Gjeldande satser finn du her.

Nøyaktig kva periode du må betale festeavgift for vil verta styrt av den opphavlege grava. Dersom det allereie er betalt festeavgift for den t.d. 5 år fram i tid, vil du måtte betale festeavgift for dei 15 åra som kjem etterpå. Gravplassmyndigheita skal i førevegen kunne opplyse om kva som gjeld for den aktuelle grava.