Gravplassmyndigheita i Alver

Digital gravferdsmelding i Alver

Det er no mogleg å ta ansvar for ei gravferd gjennom Altinn-skjemaet «Melding om ansvar for en gravferd». Dette er ei ny digitalløysing som no vert tilgjengeleg for innbyggarane i Alver.

Digital gravferdsmelding av ein del av regjeringa sitt digitaliseringsarbeid og vil erstatte det papirbaserte skjemaet "Begjæring om gravlegging" som hittil har vorte brukt. Digital gravferdsmelding er både ei styrking av personvernet ditt (papirskjema kan lett koma på avvege og gå tapt) og ei forenkling av prosessen ved dødsfall

For å kunne ta ansvar for gravferda må du vera ein etterlatt av den avdøde, det vil seie ektefelle, barn eller forelder. 

I skjemaet kan du registrere det gravferdsbyrået du ynskjer å bruka, dersom du vil bruke eit byrå. Etter at skjemaet er signert og sendt inn, vil gravferdsbyrået få informasjon ta kontakt med den ansvarlege for gravferda. 

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er ansvarleg for Digital gravferdsmelding om har laga ein video som syner korleis dette fungerar i praksis.