Nyttig informasjon til ansvarleg for grav
Éin person skal vere ansvarleg for ei grav. Den som er ansvarleg for gravferda skal få høve til vere ansvarleg for grava dersom den avdøde får tildelt ny grav. Ved gjenbruk av grav må den som er festar godkjenne ny bruk. Når ein ny grav blir tatt i bruk til ein av kommunen sine eigne innbyggarar blir det kalla ei frigrav. Denne skal det ikkje skal betalast for.
Frigravperioden er vanlegvis på 20 år. Når denne perioden er over, vil du få melding og høve til å feste grava vidare mot betaling. Du blir da festar av grava.
Ønsker du å slette ei grav?
Dersom du er ansvarleg eller festar for ein grav, kan du velge å slette grava. Det betyr at du seier i frå deg ansvaret for grava og at festet opphøyrer. Da er det gravplassmyndigheita som tek over ansvaret. I dei fleste tilfelle vil gravminnet og planter bli fjerna, og det blir sådd til med gras.
Dersom du ikkje ønsker å ta med gravminnet, vil dette bli overtatt av gravplassmyndigheita. Gravminnet kan da bli destruert eller brukt om att. Dersom fredingstida for grava er gått ut, vil grava kunne bli brukt til ny gravlegging.
Det er også mogleg å overføre festet til andre, så sjekk gjerne med familie eller andre etterlatte før du vel å slette ei grav.
Vedlikehald av gravminne
Det er valfritt om man vil sette opp eit gravminne, men dei fleste vel å ha ein gravstein ved grava. Eit gravminne kan også vere i andre materiale, f.eks. metall, glas eller betong, men det skal brukast materiale som er varige og vedlikehaldsfrie. Ei kiste eller urne bli vanlegvis satt ned i ei grav der dei etterlatte sjølv set opp og vedlikeheld gravminnet. Det betyr at den ansvarlege for grava/festar har ansvar for at gravminnet ikkje er til fare for dei som ferdast på gravplassen.
I samband med gravlegging i nabograver kan det skje at gravminnet må takast bort midlertidig, men det vil bli satt opp igjen så fort arbeidet er ferdig. Dette blir gjort av dei som jobbar på gravplassen.
Gravplassmyndigheita har ansvar for vedlikehald av minnesmerke på anonym minnelund, namna minnelund og urnevegg der desse er å finne.
Kva reglar gjeld for gjenbruk av eksisterande graver?
Sjå vår informasjonsside her dersom du lurer på å bruke om igjen ei grav som du eller andre i familien allereie har. Der finn du også informasjon om når du må betale avgift for å gjere dette.
Eg ynskjer gravstell - kven kan tilby dette i Alver?
Følgende firma har avtale om å kunne tilby plantestell på gravplassane i Alver.
Bestilling av årlege planstell-avtalar må rettast til firma opplista under.
Alver kyrkjelege Fellesråd tek ikkje på seg nye avtalar med plantestell
- Aufera AS
Idrettsvegen 1a
5936 Manger
org.nr: 988 743 127
e-post: 56978895- spør etter Roy - Radøy Arbeidssenter
Radøyvegen 1690
5936 Manger
org.nr: 988 743 127
e-post: geir.olav.repal@alver.kommune.no
telefon: 484 97 308 - Eikanger Hagesenter AS
Sauvågen 251
5913 Eikangervåg
org.nr:986 961 976
e-post: eikanger@hageland.no
telefon: 56357730 – spør etter Rannveig. - Knarvik Arbeids- og aktivitetssenter
Kverhusmyrane 20
5914 Isdalstø
org.nr: 990 776 830
e-post: heidi.hauge@alver.kommune.no
telefon: 453 27 222 - Kvalvåg gard v/Ingvild Kvalvåg
Onesvegen 11
5956 Hundvin
Org.nr: 932 715 538
E-post: ingvild.kvalvaag@gmail.com
Telefon: 951 95 846