Kremasjon
Ved kremasjon kan ein velja å ha seremoni før båra blir transportert til krematoriet, eller ein kan ha seremoni når urna er kome tilbake. Ein kan også velja å setja urna ned utan seremoni.
Urna blir teken vare på i krematoriet eller i den kommunen der urna seinare skal setjast ned. Gravferdsforvaltninga melder fra til pårørande når urna er kome, og avtalar tidspunkt for urnenedsetjing. Ofte er familien med når urna vert sett ned i grava. Ønskjer familien ikkje å vere med kan det óg avtalast at gravferdsforvaltninga set ned urna i den den grava familien ynskjer.
Eidfjord og Ulvik har ikkje eige krematorium, kistene blir sendt til Møllendal krematorium i Bergen for kremasjon.
Transport til krmatoriet vert dekka av NAV, minus ein eigenandel som pårørande må betala. Pårørande må sjplv betale kremasjonsavgfit og forsending av urne tilbake til gravferdsmynigheita.
Ved ønske om oskespreiing må ein søkje Statsforvaltaren i Vestland.
Ved oskespreiing kan pårørande sjølve henta ut urna på Møllendal, eller gjera avtale med gravferdsbyrå eller gravferdsforvaltninga om at urna blir sendt dit og henta av pårørande.