Gravplassmyndigheita i Ulvik og Eidfjord

Aktuelle saker

Når nokon døyr - informasjonsfaldar Ved dødsfall er det ikkje alltid like enkelt å ha oversikt over praktiske gjeremål. Kva må ein tenke på? Kven skal ein ta kontakt med? Kor kan ein få hjelpa ein treng? I informasjonsfaldaren under får du ei oversikt over praktiske gjeremål når nokon døyr.
Namna minnelund i Eidfjord Minnelunden er utforma som ein liten park. Området er meint for alle som har mista nokon, uansett om grava ligg i minnelunda eller ein anna stad. Dette skal vere ein avskjerma liten oase der ein kan setje seg ned å finne roen og freden. Eidfjord sokneråd håper at minnelunda vil opplevast som ein god plass å vere for dei som besøker kyrkjegardane våre. 
Rådyr på gravplassane i Eidfjord Det nærmar seg vår og mange vil då plante på gravene. Siste åra har me dessverre hatt besøk av rådyr på gravplassane i Eidfjord. Dette er flotte dyr, men dei forsyner seg av blomane som blir sett ned. Dersom det ser ut som nokon har fjerna blomar i beda er det altså stor sannsynlighet for at det er rådyr som har vore på besøk. Me får dessverre ikkje gjort noko med dette.