Gravplassmyndigheita i Sula

Kremasjon

Krematorier benytta av Sula


Ålesund krematorium

Ålesund har hatt eit krematorium sidan 1956. Det gamle krematoriet ligg på Nedre gravlund og brukast i dag kun som seremonirom. På grunn av nye forskrifter og krav til reinseanlegg blei eit nytt krematorium nødvendig. Det nye krematoriet stod ferdig hausten 2011 og ligg i naturskjønne omgivelsar nær Øvre gravlund i Ålesund.
 


Fotograf: Roger Engvik

 

Kva er kremasjon?

Kremasjon er ei alternativ form for gravferd i forhold til den konvensjonelle begravelsen.

Ved kremasjon blir den avdøde si kiste – vanlegvis etter en seremoni – transportert til et krematorium, der den plasserast i ein omn med temperaturar opp til 1150 °C. Dette fører til at kista og kroppen vert omdanna til oske og beinrestar.

Merk: Som ved kistegravlegging, skal kremasjon skje innan ti virkedagar etter dødsfallet.

Sjølve kremeringsprosessen tek omlag ein time. Pårørande har høve til å være til stades dersom dei ønsker det.

Etter kremasjonen blir oska plassert i ei forsegla og merka urne, saman med ei identifikasjonsbrikke, og kan seinare settast ned i ei grav på ein offentleg gravplass.

Det er også høve til å søke om å spreie oska i naturen eller på havet. I slike tilfeller må ein sende søknad til Statsforvaltaren.

 

Kvifor kremasjon?

Det er fleire grunnar til at nokon vel kremasjon:

  • For nokon handlar det om religiøse eller livssynsmessige overtydingar.
  • Andre vel kremasjon på grunn av begrensa plass på ønska gravplass.
  • Familietradisjonar kan også spele inn.
  • Nokon ønsker å få oska spreidd på ein betydningsfull stad i naturen.