Langevåg nye kyrkjegard
Langevåg nye kyrkjegard er ei utviding av den opphavelege gravplassen ved Langevåg kyrkje. Den ligg sørvest for Langevåg kyrkje. Gravplassen blei oppretta i 1998, og hadde ei utviding i 2013.
Gravplassen har 11 gravfelt for kistegravlegging, med til saman 929 graver. Gravplassen er opparbeida for gravlegging i to høgder, som vil seie at kvar kistegrav har plass til to kister over kvarandre.
Eit av felta var opphaveleg planlagt for barnegraver, men skal omregulerast til urnegraver. Feltet er ikkje klart til bruk på noverande tidspunkt.