Gravplassmyndigheita i Sula

Former for graver og gravlegging

Den som er ansvarleg for gravferda har ansvar for å bestemme om avdøde skal bli kremert eller gravleggast i kiste. Det er gravplassmyndigheita som tildelar kva grav som skal brukast.

Rett til gravplass

Gravferdslova slår fast at alle som er busett i kommunen ved sin død, har rett til fri grav på ny gravstad tilvist av gravplassmyndigheita.

Avdøde si folkeregistrerte adresse avgjer kva kyrkjegard gravstaden kan bli tilbydd på. Det vert skilt mellom urne- og kistegraver, samt mellom enkle og doble kistegraver. Ei urne kan settast ned i ei kistegrav, men ikkje motsett. Dersom familien har ein eksisterande gravstad, kan ein vanlegvis nytte denne.

Ved kistegravferd kan det festast ei grav i tillegg. I heilt spesielle tilfelle kan ein søke skriftleg om ei tredje grav.

Gravferd

Gravferd er ein seremoni der kista vert senka i jorda. Ved ei gravferd blir kista boren/trilla ut på gravplassen der den vert senka i grava etter at ei eventuell seremoni i til dømes kyrkja er over. Sjølve gravlegginga er gebyrfritt dersom dette skjer i eigen kommune. Ved dødsfall utanfor kommunen kan det kome kostnader for sermoni, gravferd og kistenedsetting.

 

Bisetting

Bisetting inneber ein sermoni etterfulgt av kremasjon, med urnenedsetting på eit seinare tidspunkt. Sermonien vert avslutta i sermonirommet. Dei pårørande kan vere til stades ved urennedsettinga.

Det tilkommer ei avgift for kremasjonen, som fakturerast frå gravplassmyndigheita i Ålesund.

Kremasjon kan skje med mindre det er kjent at det var i strid med den avdøde sitt ønske.

 

Bruk av eksisterande grav

For å bruke ei festa grav til ny kistegravlegging, må det ha gått minst 20 år sidan sist gravlegging, med mindre det er ei grav med dobbel djupne. Delar av Langevåg kyrkjegard har utvida fredningstid til 40 år på grunn av dårleg nedbryting. 

Alle kistegraver kan nyttast til urner. Også sjølv om fredingstida ikkje er gått ut. Det er inga ny friperiode dersom tidlegare friperiode er gått ut.

Ny kistegrav

Enkel kistegrav

  • Grava er fri for betaling i fredingstida, dvs 20 år.
  • Grava kan ikkje nyttast til ny kistegravlegging før det har gått 20 år.
  • Etter 20 år vert det betalt festeavgift for 5 år om gongen.
  • For personar frå andre kommuner vert det betalt festeavgift frå grava vert oppretta (inga friperiode).
  • Nokre felt på Langevåg kyrkjegard har utvida fredingstid til 40 år. 

Ny dobbel kistegrav

  • Består vanligvis av to graver og gir dirfor plass til to kister.
  • Ved feste av nabograv er det inga friperiode, festeavgift vert betalt frå start.

Ny kistegrav over to høgder

  • Langevåg nye kyrkjegard har gravfelt anlagt med to høgder. Ei ny kistegrav vil ha plass til to kister i ei grav. Takast andre nivå i bruk før friperioda (20 år) er utløpt, vert det rekna ny friperiode.

Urnegrav

Ny urnegrav (plass til fire urner):

  • Gratis i 20 år for personar folkeregistrert i Sula kommune.
  • Ny 20-års friperiode startar ved nedsettelse av urne nummer to innanfor første friperiode.
  • Personar med adresse utanfor kommunen må betale festeavgift.


Urnegrav i namna minnelund:

  • I namna minnelund vert det betalt ei avgift ved gravlegging. Avgifta dekkar namneplate, og andel av felles minnesmerke samt stell av dette i 20 år. Eigen sats gjeld for personar som ikkje budde i Sula kommune. Fredingstida er 20 år.
  • Festeavgift kan innbetalast for 5 år om gongen etter dei første 20 åra.
  • Ved gravlegging er det høve til å feste plass til ei namneplate vedsidan av. Denne plassen får inga friperiode. Urnegravene kjem nødvendigvis ikkje vedsidan av kvarandre, men namneplatene på minnesmerket gjer det.

 

Urnenedsetting

Urnenedsetting er når ei askeurne vert sett ned i ei grav etter kremasjon. Urna skal settast ned så raskt som mogeleg etter kremasjonen, og seinast innan seks månader.

 

Alternativ:

  • Med pårørande til stades: Ein tilsett møter dei etterlatne ved grava.
  • I stillheit: Vert sett ned utan pårørande til stades. Kan varslas ved ønske.

Oskespreiing

Det er mulig å søke Statsforvaltaren om oskespreiing. Dersom den avdøde ikkje rakk å søke, kan pårørande gjere dette, dersom det vert dokumentert at dette var etter den avdøde sitt ønske.

 

Statsforvaltaren er ansvarleg myndigheit. Gravminne kan ikkje settast opp på gravplass ved oskespreiing.

 

🔗 Meir informasjon om oskespreiing →
🔗 Søk om oskespreiing digitalt via Statsforvaltaren →