Gravplassmyndigheita i Sula

Her kan du bestille gravstell

Sula Sokn administrerer avtalar om stell av gravene. Her kan du få litt meir informasjon om kva ein stellavtale inneheld. Ta kontakt med kyrkjekontoret om du ynskjer å opprette ein stellavtale.

Stell omhandlar:

  1. Vårbeplanting, blir planta ut slutt av april/start på mai.
  2. Sommarblomster, blir planta ut i midt av juni/overgang til juli.
  3. Haustlyng, blir planta ut medio september.

I tillegg ligg det i avtalen: vatning, påfylling av jord og gjødsling etter behov.

For 2025 er prisen på gravstell per år:
Lite plantefelt kr. 1 730,-
Standard plantefelt kr. 2 140,-
Stort plantefelt kr. 2 650,-

Prisen for gravstellet vert justert annakvart år etter nasjonal konsumprisindeks, og fastsett av Sula kommunestyre etter framlegg av lokal gravplassmyndigheit (Sula sokn).

Årleg rekning

Rekning vert sendt ut i februar/mars, og stellet pågår til det vert sagt opp. Vi sender ikkje ut purring, og ubetalte rekningar vert sett på som oppseiing av stellet. Stell for gjeldande år vert då ikkje gjennomført.

Det er ikkje mogleg å bestille stell av grav for inneværande år etter 28. februar.

Bestilling av gravstell
Ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 70199600 eller e-post: post@kyrkja.sula.no

Angi kva for ei grav det skal utførast stell på. Du kan søke her på namnet til den gravlagde for å finne fullstendig gravnummeret. Gravidenten i høgre kolonne inneheld gravplassnummer, felt, rad og gravnummer - f. eks. 10.A.11.008