Former for graver og gravlegging
Den som er ansvarleg for gravferda har ansvar for å bestemme om avdøde skal bli kremert eller gravleggast i kiste. Det er gravplassmyndigheita som tildelar kva grav som skal brukast.Kistegraver
Ved tildeling av ei ny kistegrav vil ho vere frigrav i 20 år, noko som svarer til fredingstida.
Ved tildeling av ei ny kistegrav vil ho vere frigrav i 20 år, noko som svarer til fredingstida.
Kistegrava kan ikkje nyttast til ny kistegravlegging før etter 20 år.
Urner kan likevel setjast ned i ei kistegrav, uavhengig av fredingstida, då desse blir gravlagde grunnare enn kista og dermed ikkje bryt gravfreden.
Når det har gått 20 år sidan gravlegging av kista, eller 20 år etter nedsetjing av siste urne, må den ansvarlege for grava ta stilling til om ein ønskjer å behalde grava eller om ho skal slettast.
Vel ein å behalde grava, inngår ein avtale om dette ved betaling av festeavgift. Ved gjenbruk av ei festa grav, vel ein samstundes bort retten til frigrav.
I samband med eit dødsfall kan det etter avtale reserverast ei kistegrav ved sida av den tildelte frigrava. Det må betalast festeavgift for den reserverte grava.
Når grav nr. 2 i ein festegravstad blir teken i bruk, vel ein samstundes bort retten til frigrav for den som blir gravlagd i grav nr. 2.
Ei urnegrav er normalt delt i seks like store delar, med plass til seks urner. Ved tildeling av ny urnegrav vil denne vere frigrav i 20 år, noko som svarer til fredingstida.
Når det har gått 20 år sidan siste gravlegging av urne, må den ansvarlege for grava ta stilling til om ein ønskjer å behalde grava eller om ho skal slettast.
Vel ein å behalde grava, inngår ein avtale om dette ved betaling av festeavgift. Ved gjenbruk av ei festa grav, vel ein samstundes bort retten til frigrav.
Namna minnelund
I ein namna minnelund blir urner sette ned på eit gravfelt på vanleg måte, og pårørande må gjerne vere til stades ved nedsetjinga.
I ein namna minnelund blir urner sette ned på eit gravfelt på vanleg måte, og pårørande må gjerne vere til stades ved nedsetjinga.
Namneplate blir montert på eit felles minnesmerke på feltet, ikkje på den enkelte grava.
Feltet og minnesmerket blir vedlikehalde av gravplassmyndigheita. Ved bestilling av grav i namna minnelund blir det betalt ei eingongsavgift som inkluderer namneskilt med montering og grava sin del av vedlikehaldet av feltet i 20 år.
Det blir ikkje nytta venteteikn/kross ved nedsetjing av urna, då namneplata blir montert på minnesmerket med ein gong.
Oskespreiing
Dersom du ønsker at oska di skal spreiast for vinden, kan du sjølv søke Statsforvaltaren om dette.Oskespreiing | Statsforvaltaren.no