Namna minnelund på Bø kyrkjegard
Minnelunden stod ferdig i juni 2026. Dette er eit felles minne-og gravområde med plass til 360 urner.
Monumentet i minnelunden er sirkelforma med ein diameter på 10 meter, som symbolsk tilsvarer storleiken på ein gravhaug. Tema bak minnelunden er korn, som står som eit bilete på liv, død og nytt håp.

Monumentet har 24 aks, 12 på kvar side. Kvart aks har 15 lauv.

Namna på dei gravlagde blir graverte på patinerte messingplater som blir festa på eit av lauva. Det er plass til to namn, fødselsdato-og år, på kvar plate. Det er ikkje plass til minneord eller symbol.
Sjølve urnegravfeltet ligg på ei lita høgde like ved minnelunden. Gravene er umerka.

I midten av monumentet er det ein beholdar der ein kan sette avskorna blomar.

Det er også benker til å sitte på og eigne hyller til gravlykter.

Reservering: Det er kun høve til å reservere plass til namn nr.2 på messingplata. Det er ikkje høve til å reservere plass på monumentet eller på sjølve urnegravfeltet.
Pris pr.namn i minnelunden er kr. 9000. Dette dekker namneplate, vedlikehald og stell i 20 år.
Mange velger minnelund fordi den krever mindre vedlikehald enn ein tradisjonell gravstad, samstundes som det er ein verdig stad for minne og ettertanke.
Ynskjer de å nytte denne forma for gravlegging, ta kontakt med gravplassmyndigheita.