Opning av namna minnelund på Bøhaugen
Onsdag 10. juni var det høgtideleg opning av namna minnelund på Bøhaugen.
Minnelunden blei opna av varaordførar Bjørn Magne Langkås på vegne av Midt-Telemark kommune. Kyrkjeverge Angelika Karsrud takka på vegne av gravplassmyndigheita alle som har bidratt til at minnelunden har latt seg gjennomføre; arkitekt Arnt Darrud, Sør Arkitekter, Telemark Park og Hage, Systemblokk, Elektropluss, Brendemo Gull og Sølv, Blomsterstemning, og, ikkje minst arbeidsgruppa ved Per Johan Nordvik, Jens Findal, Hans Sundsvalen og Evy Beate Stykket. Takk blei også retta til Sparebankstiftinga i Bø som har finansiert sjølve monumentet.
Ein namna minnelund er graver i eit felt med felles minnesmerke (ikkje enkeltstående gravminner) der det er høve til å sette opp namn og årstal for fødsel og død på den gravlagde. Gravplassmyndigheita sørger for felles beplanting og dei etterlatne kan sette frå seg blomar og lys. På Bøhaugen er det kun høve til å sette ned urner i minnelunden.