Gravplassmyndigheita i Midt-Telemark

Nyttig informasjon til ansvarleg for gravferda

Er du den som sørger for gravferda?

Det er éin person som skal ha det formelle ansvaret for gravferda. Dette står i gravplasslova. Å sørge for ei gravferd inneber for eksempel å avgjere kvar og korleis den avdøde skal gravleggast.

Lova avgjer kven som har rett til å sørge for gravferda. Ansvaret avgjerast i følgande rekkefølge: ektefelle eller ekteskapsliknande sambuarskap, barn, foreldre, barnebarn, besteforeldre, søsken, søsken sine barn og foreldre sine søsken. I tillegg må personen vere over 18 år. Det er mogleg å seie frå seg ansvaret for å sørge for gravferda. Da går retten vidare til neste person i rekka. Det er viktig å merke seg at det å vere ansvarleg for grav/festar ikkje automatisk er den same som er ansvarleg for gravferda. Les meir om dette på «Nyttig informasjon til ansvarleg for grav».

Dersom den avdøde har etterlate seg skriftleg, signert erklæring om kven vedkomande ønsker skal ta ansvar for gravferda, vil denne gå føre den lovregulerte rekkefølga. I erklæringa kan kven som helst over 18 år sørge for gravferda, uavhengig av den lovregulerte rekkefølga. Men, det å sørge for ei gravferd er fortsatt ein rett, ikkje ein plikt. Det betyr at den som er oppført har høve til å seie frå seg denne retten.

Dersom det er usemje om kven som skal sørge for gravferda, er det kommunen som avgjer saka. Det er også kommunen som vil ta ansvaret for gravferda, dersom ingen etterlatte ønsker å sørge for gravferda.

 

Kva gjer du som sørger for gravferda?

Du tar ei rekke avgjersler i samband med gravferda, som for eksempel:

  • Om avdøde skal bli kremert eller om det skal være kistegravlegging. Etter kremasjon kan ein velge mellom urnegravlegging og askespreiing. Ved askespreiing må ein ha ei godkjenning frå Statsforvaltaren.
  • I kva kommune, gravplass og grav den avdøde skal bli gravlagt.
  • Kva seremoni og eventuelt seremonistad som skal brukast ved gravferda.

Mange vel å la eit gravferdsbyrå ordne det meste av praktiske og formelle oppgåver i samband med gravferda. Pårørande som ønsker det, kan likevel utføre mange av desse sjølv, f.eks. pynting av seremonilokale og utforming av program/sanghefte. Gravplassmyndigheita i din kommune pliktar å rettleie om fristar og utfylling av skjema. Ønsker du meir informasjon om kva familien sjølv kan ordne av oppgåver omkring gravferda, finn du det her Ta ansvar for gravferden | Gravferd (statsforvalteren.no).

Ved gravlegging brukar ein skjema Begjæring om gravlegging og eller kremasjon

Etter at gravferda er gjennomført vil du som sørger for gravferda få høve til å bli ansvarleg for grava, med mindre avdøde blir lagt i ein allereie festa grav. Da vil den som er festar fortsatt ha ansvaret. Festar kan overføre ansvaret til andre som eventuelt ønsker å ta over.

Er det du som sørgjer for gravferda?
Det er éin person som skal ha det formelle ansvaret for gravferda. Dette står i gravplasslova. Å sørgje for ei gravferd inneber til dømes å avgjere korleis og kvar den avlidne skal gravleggjast.
Lova bestemmer kven som har rett til å sørgje for gravferda. Ansvaret blir bestemt i følgjande rekkjefølgje: ektefelle eller ekteskapsliknande sambuarskap, barn, foreldre, barnebarn, besteforeldre, sysken, barna til sysken og syskena til foreldre. I tillegg må personen vere over 18 år. Det er mogleg å seie frå seg ansvaret for å sørgje for gravferda. Då går retten vidare til neste person i rekkja. Det er viktig å merke seg at den som er ansvarleg for grav/festar ikkje automatisk er den same som er ansvarleg for gravferda. Les meir om dette under «Nyttig informasjon til ansvarleg for grav».
Dersom den avlidne har etterlate seg ei skriftleg, signert erklæring om kven vedkomande ønskjer skal ta ansvar for gravferda, vil denne gå føre rekkjefølgja i lova. I erklæringa kan kven som helst over 18 år utpeikast til å sørgje for gravferda til ein annan, uavhengig av rekkjefølgjebestemminga. Men det å sørgje for ei gravferd er framleis ein rett, ikkje ei plikt. Det tyder at den som er oppført, har moglegheit til å seie frå seg denne retten.
Dersom det er usemje om kven som skal sørgje for gravferda, er det kommunen som avgjer saka. Det er òg kommunen som vil ta ansvaret for gravferda dersom ingen etterlatne ønskjer å sørgje for ho.
Kva gjer du som sørgjer for gravferda?
Du tek ei rekkje avgjerder i samband med gravferda, som til dømes:
  • Om den avlidne skal kremerast eller om det skal vere kistegravlegging. Etter kremasjon kan ein velje mellom urnegravlegging og askespreiing. Ved askespreiing må det liggje føre ei godkjenning frå Statsforvaltaren.
  • I kva kommune, på kva gravplass og i kva grav den avlidne skal gravleggjast.
  • Kva seremoni og eventuelt seremonistad som skal nyttast ved gravferda.
Mange vel å la eit gravferdsbyrå ordne det meste av praktiske og formelle oppgåver i samband med gravferda. Pårørande som ønskjer det, kan likevel utføre mange av desse sjølve, t.d. pynting av seremonilokale og utforming av program/sanghefte. Gravplassmyndigheita i kommunen din pliktar å rettleie om fristar og utfylling av skjema. Ønskjer du meir informasjon om kva og korleis familien sjølv kan ordne oppgåver kring gravferda, finn du det her: Ta ansvar for gravferda | Gravferd (statsforvalteren.no).
Ved gravlegging blir skjemaet «Begjæring om gravlegging og eller kremasjon» nytta.
Etter at gravferda er gjennomført, vil du som sørgjer for gravferda få moglegheit til å bli ansvarleg for grava, med mindre den avlidne blir lagd i ei grav som allereie er festa. Då vil den som er festar framleis ha ansvaret. Festaren kan overføre ansvaret til andre som eventuelt ønskjer å overta. 
Val av grav
Gravplassforskrifta stiller i § 29 krav til kva materiale som blir nytta både i tilverking av kista, innhald i kista og til kleda til den avlidne. Departementet har utdjupa krava i forskrifta i eit eige informasjonsskriv (2012) om klede og anna innhald i kista: Informasjonsskriv - klede og gjenstandar i kiste ved gravlegging og kremasjon.