Gravplassmyndigheita i Alver

Om oss

Velkomen til gravplassmyndigheita i Alver.Det er Alver kyrkjelege fellesråd som etter lova er gravplassmyndigheit og har ansvar for det administrative og praktiske knytt til gravplassane i kommunen. Vi forvaltar gravplassane med respekt for dei avdøde si trusretning. Gravplassane er også ein stad for levande, og difor er det viktig for oss at etterlatte og besøkande skal oppleve gravplassane som ein god stad for å sørge og minnast.

Nøkkelpersonar

  • Kyrkjeverja i Alver, John Fredrik Wallace, er dagleg leiar for fellesrådet og dermed gravplassmyndigheita.
  • Driftsavdelinga vår er leia av John Henanger. Det er denne avdelinga som står for den daglege drifta av gravplassane våre.
  • Økonomikonsulent Cecilie Grindheim har ansvaret for gravarkivet vårt, inkludert innkreving av festeavgifter m.m.
  • Administrasjonssekretær Gyda Matland har hovudansvar for kontakten mellom gravferdsbyrå og gravplassmyndigheita. 

Du kan ringja oss på 4000 1691 (Kyrkja i Alver) eller ta kontakt via epost. Du finn også direktenummer og annan kontaktinformasjon på nettsidene til Alver kyrkjelege fellesråd.

Innmelding av gravferd frå byrå

Gravferdsbyrå melder inn ynskje om seremoni og gravlegging via Kirkedata Office. I Alver er det mogleg å bruke digital gravferdsmelding (DGM).