Former for graver og gravlegging
Den som er ansvarleg for gravferda har ansvar for å bestemme om avdøde skal bli kremert eller gravleggast i kiste. Det er gravplassmyndigheita som tildelar kva grav som skal brukast.Kistegrav
Vanleg kistegrav: Ei tradisjonell gravlegging der kista vert senka ned i jorda. Gravlegginga skal finna stad innan 10 virkedagar etter dødsfallet.
I Alver har vi ingen gravplassar for gravlegging i dobbel dybde, der kistene vert plasserte over kvarandre i same grav. Hjå oss er det som vert omtalt som "dobbelgrav" to enkle graver ved sida av kvarandre. Etter eventuell friperiode vil det verta krevd inn festeavgift for begge gravene.
Ved tildeling av ny kistegrav vil denne vera frigrav i 20 år, som tilsvarar fredningstida. Dette gjeld kun dersom avdøde var busett i Alver. Det er likevel mogleg å setja ned urner i kistegrav før fredningstida har gått ut.
Når det har gått 20 år sidan siste gravlegging (eller nedsetjing av urne), må den som er ansvarleg for grava ta stilling til om ein vil behalde grava eller ikkje. Når ein vel å behalde grava, vert det krevd inn festeavgift for fem år om gongen.
Urnegrav
Nokre gravplassar har eigne urnefelt, medan ein på andre set urner ned i vanlege kistegraver. Det er normalt plass til seks urner i ei vanleg kistegrav.
Ved tildeling av ny urnegrav vil denne vera frigrav i 20 år, som tilsvarar fredningstida. Dette gjeld kun dersom avdøde var busett i Alver.
Om ein set ned ei ny urne i frigravsperioden, vert den perioden forlenga med 20 år frå siste nedsetjingsdato.
Namna minnelund
Gravplassmyndigheita i Alver arbeider for å få på plass namna minnelund ved fleire av gravplassane i kommunen. I første omgang her:
- Knarvik gravplass
- Manger gravplass
- I samband med ny gravplass på Lindås
- I samband med utvidinga av gravplassen i Meland
Oskespreiing
Dersom du ønskjer at oska di skal spreiast for vinden, kan du sjølv søkje Statsforvaltaren om løyve til det. Også etterlatne kan få løyve til å spreie oske dersom det blir dokumentert at avdøde ønskte dette. Foreldre kan få løyve til å spreie oska etter avlidne barn under 18 år.