Reglar for plantefelt & pynt på graver
Plantefelt:
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring.
- Ikkje breiare enn gravminnet si bredde.
 - Ikkje lenger fram enn 60 cm, målt frå gravminnes bakkant.
 - Plantane kan ikkje overstige gravminnet sin høgde eller gå utover plantefeltet.
 - Høve til å ramme inn plantefelt med delt steinkant (sjå bilde i midten) eller bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman.
 
Pynt og lys:
- Lykter og liknande må forankrast/sikrast mot å velte eller blåse bort.
 - Ikkje høve til å plassere mindre steinar/lause gjenstandar som kan skape problem for vedlikehald eller slått.
 - Ingen lys, vasar, steinar, reiskap eller liknande skal stå utanfor bedområdet, eller bak steinen.
 - Det er høve til å tenne stearinlys eller oljelampe på grava, så lenge det er innanfor gjeldande reglar om brannvern.
 - Stearinlys, oljelamper og andre lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.
 - Produkt med batteri må takast med og leverast til EE avfallsmottak.
 
