Reglar for namna minnelund i Alver
I namna minnelund er minnesmerket ein felles minnestad for mange. Minnesmerket er tilrettelagt for pynting med levande blomar, i tillegg til levande lys/gravlykter. Når blomane er visna og lysa er brende ut, vert det rydda bort av driftspersonell, slik at det alltid skal vere vakkert og velstelt ved minnesmerket.
Me viser også til lokal forskrift om gravplassar i Alver kommune § 11 – siste ledd, som regulerer pynting av namna minnelund:
Gravplassmyndigheita har ansvaret for dei felles plantane og stellet i minnelunden. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for gravene i minnelunden. Ein kan legge ned blomar og tenna gravlys så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern, på ein stad tilvist av gravplassmyndigheita.
Dette er lov:
- Avskorne blomar i vasar på tilvist stad forran minnesmerket
- Tenne gravlys på tilvist stad foran minnesmerket, eller inne i minnesmerket der det er laga til plass for dette
Dette er ikkje lov:
- Plantar i bakken ved minnesmerket eller i urneområdet
- Alle typar batterilys og eigne lykter med gravlys inni.
- Personlege gjenstandar plassert på eller ved minnesmerket
- Kunstige blomar.
- Potteplanter
Ved spørsmål ta gjerne kontakt på telefon 4000 1691 eller gravplass.alver@kyrkja.no