Nye gravplassvedtekter for Alver
Gjeldande frå 20.februar 2026
Fastsett av Alver kyrkjelege fellesråd 7. oktober 2025 med heimel i lov 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravplassloven) § 21 første ledd, § 8 første ledd og § 14 første ledd og forskrift 10. januar 1997 nr. 16 til lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravplassforskriften) § 5 andre ledd og § 15a fjerde ledd. Godkjent av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 17. februar 2026, jf. lov 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravplassloven) § 21 første ledd.
§ 1.Definisjonar
§ 2.Ferdsel på gravplassane
Besøkande skal om mogeleg ferdast gåande, jf. gravferdsforskrifta § 9 andre avsnitt. All ferdsel skal skje særleg omsynsfullt.
§ 3.Gravplasstilhøyrsle
Avdøde personar i kommunen kan gravleggjast på den gravplassen ein ønsker dersom det er ledig plass. Dei har rett til fri grav dersom gravplassmyndigheita har tilvist grava. Retten til utvida frigravsperiode er nærmare regulert i gravplassforskrifta § 16 første avsnitt og gravplassforskrifta § 18 andre avsnitt.
Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, er rekna med på same måte som kommunen sine eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav dersom gravplassmyndigheita har tilvist grava.
§ 4.Fredingstid
Fredingstida er 20 år.
§ 5.Stenging for kistegraver
Fleire gravfelt er stengt for ny kistegravlegging etter gravplassforskrifta § 5. Unntak er graver som er reservert.
Dei gravplassane som er stengt er Sjur gravplass (gravfelt A), Manger (D og E), Sæbø (C og D), Alversund (A og E), Seim (A, B, C, D og E), Lygra (A, B, D og F), Hundvin (A og F), Lindås gamle (F), Lindås nye (heile gravplassen), Myking (A, D, F og E), Vike (B og C), Øverås (heile gravplassen), Askvik (heile gravplassen) og Hjelmås (A).
§ 6.Feste av grav
Når ei kistegrav skal takast i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av ho, og etter søknad til gravplassmyndigheita; for ei for ei ekstra grav i tillegg når behovet seier det. Desse gravene utgjer då éin gravstad.
Ved bruk av ordinær urnegrav, kan ein ikkje festa ei grav ved sida av.
Ved feste av grav ved sida av den kistegrava som ein først nyttar, er festetida 20 år.
Når festetida/fredingstida er ute, kan ein feste grava/gravstaden for nye 5 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje bli fornya utan etter særleg samtykkje frå gravplassmyndigheita.
I god tid før festetida er ute skal gravplassmyndigheita varsla festaren. Har ein ikkje fornya festet innan seks månader etter forfall, går grava eller gravstaden tilbake til gravplassen.
Innbetalt festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsreglar, eller det ligg føre særlege grunnar.
Ein kan ikkje gravlegge i ei grav utan samtykke frå gravansvarleg eller festar. Dersom det ikkje er råd å hente inn samtykkje frå gravansvarleg eller festar, kan gravplassmyndigheita avgjere gravlegginga.
Festar pliktar å avgjere gravlegginga.
§ 7.Grav og gravminne
Ved opning av grav kan ein legge jorda på dei omkringliggande gravene og ein kan mellombels flytte gravutstyret. Gravplassmyndigheita sørgjer for istandsetting igjen, og vil også sjå til at grava blir planert og tilsådd med gras etter gravlegging.
Montering av gravminne kan først skje etter at gravplassmyndigheita har godkjent gravminnet og merka staden der det skal stå. Det kan ikkje bli sett opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging av kiste.
Gravminne på urnegrav kan bli sett opp med ein gong etter urnenedsettinga. Så lenge ein ventar på gravminne kan ein setja opp eit merke med namnet til avdøde. Det må vera godkjent av gravplassmyndigheita.
På ein nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast i bakkant av den grava ein først nyttar. Gravminnet blir ståande der for godt.
§ 8.Plantefelt
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde, men kan i alle tilfelle vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lengre fram enn 60 cm, målt frå gravminnet sin bakkant. Det kan ikkje plantast vekstar som går over høgda til gravminnet eller går ut over plantefeltet.
I plantefeltet er det høve til å setta ned dekorgjenstandar og sorguttrykk, så lenge dei ikkje er til sjenanse, gjer drifta av gravplassen vanskeleg (opning av grav, grasklipping, o.l.), eller er brannfarleg i samband med tenning av lys, jamfør neste avsnitt.
Det er høve til å tenne lys (stearinlys, oljelampe o.l.) når dette er innanfor dei gjeldande føresegnene om brannvern. Lykter og lys må vere tilstrekkeleg festa, til dømes med jordspyd, eller ha ei eigenvekt som gjer at dei ikkje kjem på avvegar.
Ein skal fjerne lys og andre lause dekorgjenstandar etter bruk.
Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt steinkant eller ei bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman.
Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.
Det er ikkje høve til å ramme inn grava med hekk eller andre materiale.
§ 9.Plantemateriale
Planter, kransar og liknande materiale som blir nytta ved gravferd eller ved pynting av grava og som endar som avfall, skal vera heilt kompostérbare.
§ 10.Stell av grav
Kvar ansvarleg eller festar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvaret for. Plantefelt som ikkje blir tilplanta eller stelt, skal den gravansvarlege eller festaren så til med gras, eller blir sådd til av gravplassmyndigheita.
Den gravansvarlege eller festaren pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand.
Gravansvarlege eller festaren kan avtale med kyrkjelege fellesråd, og eller den som får løyve til det etter § 13 i, om planting og stell av grav, samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet. Ei slik avtale fritek ikkje den gravansvarlege eller festaren frå det ansvaret vedkomande har etter det til ein kvar tid gjeldande reglane.
§ 11.Namna minnelund
Ved gravlegging i namna minnelund skal namn og data til avdøde førast på ei namneplate på felles minnesmerke, fastsett av gravplassmyndigheita.
Graver i namna minnelund kan ein feste etter utløpet av fredingstida på lik linje med andre graver på gravplassen.
I namna minnelund kan ein feste ei grav i tillegg (reservering) når ei grav blir nytta, mot at ein betaler ein festeavgift frå det tidspunktet den fyrste grava blir nytta.
Ved feste av grav i tillegg, vil ikkje nødvendigvis gravene kome attmed kvarandre, men namneplatene kjem attmed kvarandre / namna kjem attmed kvarandre på den same namneplata.
Avgift for bruk av namna minnelund skal ein betale frå det tidspunkt grava blir nytta Gravplassmyndigheita har ansvaret for dei felles plantane og stellet i minnelunden. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for gravene i minnelunden. Ein kan legge ned blomar og tenna gravlys så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern, på ein stad tilvist av gravplassmyndigheita.
§ 12.Næringsverksemd
Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på gravplassen, skal hente inn løyve frå gravplassmyndigheita. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld.
Slik verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne, samt planting og stell av graver.
§ 13.Arbeid på gravplassane
Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje på kvardagar i arbeidstida (kl. 07:00–17:00) og må ikkje utførast på søndagar, heilagdagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplass eller i bygning på gravplassen.
Næringsdrivande kan berre køyre på gravplassen i den grad det er nødvendig for å utføre arbeidet. Slik køyring skal skje ekstra omsynsfullt.
§ 14.Dispensasjon frå vedtektene
Gravplassmyndigheita kan i særlege tilhøve og innanfor ramma av gravferdslova og gjeldande forskrifter fråvike §§ 5 og 13 i vedtektene.
§ 15.Ikraftsetjing og oppheving av eldre vedtekter
Forskrifta tek til å gjelde frå kunngjering i Norsk Lovtidend. Frå den same tida blir vedtektene godkjent av Bjørgvin Bispedømeråd 7. mai 2020, for gravplassane i Alver kommune, oppheva.